Fire filmskaparar får stipend til idéfordjuping
Norsk filminstitutt har gitt fire nye stipend til idéfordjuping. Filmskaparane Andrea Eckerbom, Jakob Rørvik, Paul Anders Simma og Karrar Al-Azzawi er tildelt 250.000 kroner kvar til sine nye filmprosjekt.
Norsk filminstitutt (NFI) deler ut åtte idéfordjupingsstipend i året, med ein søknadsrunde om våren og ein om hausten.
Ordninga rettar seg mot etablerte regissørar og serieskaparar som har hatt ein film eller serie i profesjonell distribusjon. Stipendet skal leggje til rette for fordjuping og modning av nye idéar og forteljingar i kjølvatnet av større prosjekt som har hatt premiere. Idéfordjupningsstipendet er på 250.000 kroner.
Det kom inn 16 søknadar på denne runda. Prosjekta som har fått tildeling er tre spelefilmar og ein dokumentar.
– Nivået på søknadane var høgt, med mange spanande prosjekt og stor bredde i tematikk. Det var eit vanskeleg val, men det var fire filmskaparar med sterke historier som vann fram. Stipendet til idefordjuping gjer at mottakarane kan drive grunnforsking i kreativitet, seier Tom Gulbrandsen, filmkonsulent fiksjon på NFI.
Dette er mottakarane av stipend til idefordjuping våren 2024:
Andrea Eckerbom
En porsjon vantro. Spelefilm
Andrea Eckerbom er filmutdanna frå universitetet i Perth, har brei erfaring innan m.a reklamefilm og har drive sitt eige castingfirma. Ho har regissert spelefilmane Snekker Andersen og julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul (2019) og Teddybjørnens jul (2022), som er blant Noregs mest sette kinofilmar dei siste åra. I 2023 hadde Eckerbom regi på NRK-serien Superheltskolen (2023).
Om Ein porsjon vantro: Eit kammerspel inspirert av 12 eidsvorne menn, der ein nyttårsmiddag utviklar seg til en intens debatt om konspirasjonsteoriar, og vennskap blir sett på prøve
– Dette stipendet gir meg sjansen til å utvikle mi eiga røyst som regissør og manusforfattar. Det lar meg puste liv i en idé som har følgt meg som ein skugge i over tre år, seier Andrea Eckerbom.
Paul-Anders Simma
Undermenneskernes kjærlighetsliv / Eallid rahkkisvuohta. Spelefilm
Paul-Anders Simma er utdanna frå Dramatiska Institutet i Stockholm. Han har over 30 års erfaring frå filmbransjen med både manus, regi og produksjon. I 1993 etablerte han det samiske produksjonsselskapet SAFI. Han har regissert og produsert ei rad dokumentar- og spelefilmar, frå Stol på ministeren (1996) til dokumentaren My Dear Mother (2020).
Undermenneskernes kjærlighetsliv / Eallid rahkkisvuohta er ein personleg fiksjonsfilm om oldemoras kamp for å overleve og hennar opplevingar som utstilt fange i Berlin Zoo 1911-1915
– Som regissør og manusforfattar gjer dette stipendet meg ein unik sjanse til å utforske denne historia vidare. Dette er ei dramatisk skildring frå ein periode då mange myndigheiter betrakta visse andre som undermenneske, seier Paul Anders Simma.
Karrar Al-Azzawi
In My Mother’s Heart. Dokumentar
Karrar Al-Azzawi er irakisk-norsk filmskapar regiutdanna frå TV-skolen i Lillehammer. Han debuterte i det lange formatet med dokumentaren Baghdad on Fire (2023) som fekk verdspremiere på CPH:DOX og m.a er vist på Al Jazeera.
In My Mother’s Heart er eit intimt portrett av Al-Azzawi og familien hans, som er spreidd i eksil, etter at Al-Azzawi og søstera flykta frå Irak i 2016.
– Eg brukar film til å arbeide meg gjennom det eg har opplevd og utrykke kven eg er. Med denne filmen vil eg gje ein stor klem til familien min og vise korleis det er for oss å være spreidd i eksil. Stipendet gjer meg moglegheit til å utfordre meg sjølv som kunstnar og filmskapar, seier Karrar Al-Azzawi.
Jakob Rørvik
Jeg er apokalypsen. Spelefilm
Jakob Rørvik er regiutdanna frå National Film & Television School i London. Etter fleire kortfilmar spelefilmdebuterte han med kritikarroste Thomas mot Thomas (2022), der han hadde manus og regi. Han har no skrive og regissert dramaserien Dates In Real Life, som nyleg vann pris for beste serie i International Panorama-seksjonen på tv-festivalen Series Mania, og som kjem på NRK i haust. Rørvik jobbar også med sin andre spelefilm Evig sommer.
Om Jeg er apokalypsen: Ein ung person ønsker å bidra i kampen mot miljøøydeleggingar, men indre demonar tvingar fram eit apokalyptisk verdsbilete. Kven er du når verda brenn?
– Stipendet gir meg moglegheit til å vidareutvikla idéen på et tematisk nivå med mye kreativt handlingsrom, før de meir manustekniske elementa skal strammast til. Det er ein tillit eg set utruleg pris på, seier Jakob Rørvik.
Søk stipendet
Neste søknadsfrist for stipend til idéfordjupning er 18. september.
-
-
Bernt Erik Pedersen
- Kommunikasjonsrådgiver
- Telefon: +47 971 79 456
- E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no
-