Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt har fått 18 søknadar til insentivordninga for 2024.  Samla sum søkarane oppgir at dei vil bruke på produksjon i Noreg er 1,09 milliardar kroner. Totalt søkt refusjonsramme er 272,5 millionar kroner.  

foto. et troll står i en dalside med et helikopter svevende til høyre, fra filmen Troll
Frå filmen Troll. Foto: ​​​​Motion Blur/Netflix

Denne søknadsrunden gjeld budsjettåret 2024. Søknadsfristen var 23. november. Vedtak om kva prosjekt som vil bli tilbydd refusjonsramme vil bli fatta i månadsskiftet januar/februar. 

Insentivordninga tilbyr refusjon på inntil 25 % av produksjonskostnadene til filmar og seriar som skal produserast heilt eller delvis i Noreg. 

Det er søkt for totalt åtte spelefilmproduksjonar, ni dramaseriar og ein dokumentarfilm

Her er søkarane - tittel, søkar, format, søkt beløp:

  • The Devil's Star. Working Title Television Ltd. Dramaserie. 53.875.081 kroner
  • Troll 2. Motion Blur Films 4 AS. Spelefilm. 38.553.649 kroner
  • Kongeriket. Redpoint Productions AS. Dramaserie. 38.300.000 kroner
  • Blod i snø. Truenorth Norway AS. Spelefilm. 28.609.159 kroner
  • Lakseøya. Rubicon TV AS. Dramaserie. 18.095.000 kroner
  • The Woman In Cabin 10. Living Daylights Productions AS. Spelefilm. 14.048.471 kroner
  • Shelter. Truenorth Norway AS. Dramaserie. 12.375.000 kroner
  • The Snow Sister. Anonymous Content Nordic AS. Spelefilm.  11.000.000 kroner
  • Star Trek: Strange New Worlds S3. Storm Studios AS. Dramaserie. 10.000.000 kroner
  • Behind the Machine. Rubicon TV AS. Spelefilm. 9.608.552 kroner
  • La Palma. Fantefilm Scripted Series AS. Dramaserie. 8.867.713 kroner
  • Forging the Fjords. Kompendium Film AS. Spelefilm. 6.379.380 kroner
  • The Last of Us S02. Storm Studios AS. Dramaserie. 9.750.000 kroner
  • Star Trek: Section 31. Storm Studios AS. Spelefilm. 4.169.200 kroner
  • FBI: International. Bearhug AS. Dramaserie. 2.692.054 kroner
  • Folk. Fuglene AS. Dokumentarfilm. 2.354.461 kroner
  • Missing Island. Maipo Film AS. Spelefilm. 2.162.500 kroner
  • Prince Marko. Film in Norway AS. Dramaserie. 1.641.900 kroner

 

Totalt søkt refusjonsramme for søknadsrunden 2024 er  272.482.120 kroner fordelt på desse 18 søknadane.  Totalt planlagt forbruk i Noreg er 1.089.928.480 kroner for alle produksjonane som har søkt denne runden. 

Til samanlikning fekk NFI til søknadsrunden 2023 sju søknadar om totalt 99,8 millionar kroner i refusjonsramme. Til runden i 2022 kom det inn 14 søknadar med totalt søkt refusjonsramme på 244 millionar kroner, medan tala for 2021 var 11 søknadar om totalt 292,1 millionar kroner.  

Om insentivordninga

Insentivordninga tilbyr refusjon på inntil 25 % til produksjonar som skal produserast heilt eller delvis i Noreg. Refusjonsordninga vart oppretta for å trekke store internasjonale produksjonar til Noreg. Refusjon til utbetaling blir berekna basert på rekneskap for produksjonen i Noreg. Det vil seie at refusjonen blir utbetalt først etter at produksjonen i Noreg er avslutta. Kjøp av varer og tenester må vere knytta til aktivitet i Noreg, og må vere utbetalt til skatteytarar i Noreg, for at kostnaden skal gi grunnlag for refusjon til utbetaling. Insentivordninga sikrar utanlandske investeringar i Noreg, og dermed friske middel som stimulerer til auka aktivitet i norsk næringsliv, både i og utanfor filmbransjen. 

Les meir om intensivordninga her

  • Dag Asbjørnsen
    • Dag Asbjørnsen

    • Seksjonsleder
    • internasjonale relasjoner
    • Telefon: +47 402 22 151
    • E-post: dag.asbjornsen[@]nfi.no
  • Tina Beate Goa Fagerheim
    • Tina Beate Goa Fagerheim

    • Produksjonsfaglig rådgiver Insentivordning og Sørfond
    • Telefon: +47 416 71 012 
    • E-post: tina.fagerheim[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no