Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt tilbyr totalt 41,3 millionar kroner frå insentivordninga til opptak av ein episode av dramaserien Succession, VFX på dramaserien The Last of Us, opptak av spelefilmen The Gorge, postproduksjon på spelefilmen Thug og opptak og postproduksjon på dramaserien So Long, Marianne. 

Bilete frå succession sesong 4. Foto Claudette Barius HBO
Bilete frå succession sesong 4. Foto Claudette Barius HBO

Årets insentivtilsagn går til fem produksjonar som alle engasjerer eit vidt spekter av norske filmarbeidarar og nyttar opptaksstadar fleire område i landet, i tillegg til arbeid med spesialeffektar og postproduksjon. 

– At dramaseriane og filmane av høg kvalitet ønskjer å gjere opptak og etterarbeid i Noreg viser at den norske filmbransjen held særs høgt og konkurransedyktig nivå. Produksjonane gir verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet, og bidrar til kunnskapsbygging, erfaringsløft og mogelegheiter for den norske audiovisuelle bransjen, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt (NFI). 

Her er produksjonane som får insentivtilsagn 

Dramaserien Succession legg ein heil episode i den fjerde sesongen til Nord-Vestlandet, og har fått innvilga ei refusjonsramme på 14 millionar kroner for opptaka sine her.

The Gorge får innvilga søknaden sin med refusjonsramme på 7,3 millionar kroner. Spelefilmen, som har Miles Teller og Anya Taylor-Joy i hovudrollene, skal gjere opptak i Noreg. 

Dramaserien The Last of Us har lagt delar av arbeidet med visuelle effektar (VFX) til det norske etterarbeidshuset Storm Studios i Oslo, og får ei refusjonsramme på 1,9 millionar kroner. Storm Studios har tidlegare levert VFX til filmen Black Panther  – Wakanda Forever, ein film som blei Oscar-nominert nettopp for dei visuelle effektane sine, og som også fekk refusjonsramme igjennom insentivordninga.  
 
Spelefilmen Thug legg postproduksjonen til det norske etterarbeidshuset Storyline Studios i Oslo, og har fått innvilga søknaden sin med 7,675 millionar kroner. Thug er regissert av Hans Petter Moland, med Liam Neeson i hovudrolla. Filmen er spelt inn i USA.  

Den siste produksjonen som får tilsagn frå insentivordninga i år, er dramaserien So Long Marianne. Det er innvilga refusjonsramme på kr 10,425 millionar til å filme delar av denne produksjonen i Noreg. I tillegg vil delar av postproduksjonen føregå i Noreg. 

Totalt sju produksjonar søkte fristen av insentivordninga for søknadsrunden i 2023. Dette er ein halvering frå fjoråret, då 14 produksjonar søkte. For 2023 er budsjettet for ordninga 41,3 millionar kroner.  

The Last of us, Foto The Last of Us HBO Max.jpg
Bilete frå The Last of Us, HBO Max

Produksjonsoversikt

Succession (S4) 
Format: Dramaserie 
Søker: TRUENORTH NORWAY AS 
Produsent: Spot of Tea Productions LTD 
Tilbudt refusjonsramme: Kr 14 000 000 

The Gorge 
Format: Spelefilm 
Søker: TRUENORTH NORWAY AS 
Produsent: HADRIAN PRODUCTIONS UK LIMITED 
Tilbudt refusjonsramme: Kr 7 300 000 

The Last Of Us 
Format: Dramaserie 
Søker: TRUENORTH NORWAY AS 
Produsent: Random Productions, LLC 
Tilbudt refusjonsramme: Kr 1 900 000 

Thug 
Format: Spelefilm 
Søker: Boat Productions, LLC 
Produsent: Boat Productions, LLC 
Tilbudt refusjonsramme: Kr 7 675 000 

So Long, Marianne 
Format: Dramaserie 
Søker: REDPOINT PRODUCTIONS AS 
Produsent: REDPOINT PRODUCTIONS AS 
Tilbudt refusjonsramme: Kr 10 425 000 

  

Om insentivordninga  

Forskrift om insentivordning for film- og serieproduksjonar tredde i kraft 1. januar 2016 og blir forvalta av Norsk filminstitutt. Insentivordninga er ein refusjonsbasert ordning der film- og serieproduksjonar med brei internasjonal distribusjon kan søkje om å få dekt inntil 25 % av godkjende produksjonskostnadar i Noreg. Ordninga skal bidra til å auke talet på store internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg for å fremje kultur, historie og natur i Noreg. Ordninga skal også bidra til auka erfaring og kunnskap i den norske og samiske filmbransjen, stimulere til vekst, ein berekraftig norsk og samisk filmnæring og økt internasjonalt samarbeid. 

Vilkår for tilsagn 

For å kunne få innvilga refusjonsramme frå insentivordninga er det eit vilkår at produksjonen har minimum 30 prosent internasjonal finansiering, samt kan dokumentere brei internasjonal distribusjon. Produksjonen må minimum ha eit totalt produksjonsbudsjett på NOK 25 mill. kroner for spelefilm, NOK 10 mill. kroner for dokumentarfilm, NOK 10 mill. kroner per episode for dramaseriar og NOK 5 mill. kroner per episode for dokumentarseriar. Produksjonen må produserast heilt eller delvis i Noreg, og må ha eit budsjett som viser eit minimumsforbruk av godkjende kostnadar i Noreg på NOK 4 mill.  

Refusjonsramme  

Produksjonane som får innvilga søknaden sin får tilbod om refusjonsramme mot avregning. Refusjonsbeløp til produksjonen vil først bli kalkulerte og utbetalte etter at produksjonen i Noreg er avslutta og den endelege rekneskapen er godkjent av Norsk filminstitutt. Kostnader kome i Noreg og utbetalt til skatteytarar i Noreg er grunnlag for utrekning av refusjon til utbetaling.  

Rangering av søknadene  

Når Norsk filminstitutt prioriterer og rangerer søknadane blir vektlagde formålet med ordninga. Rangering av kvalifiserte søknadar blir gjorde på grunnlag av totalbudsjettet til produksjonen, budsjettet for produksjonen i Noreg, den internasjonale distribusjonen til produksjonen, del privat finansiering, del internasjonal finansiering, og om den norske budsjettdelen vil styrkje den norske filmbransjen. Prosjekta som kvalifiserer for insentivordninga blir tilbydde ei refusjonsramme i samsvar med rangeringen av prosjekta, så langt budsjettet for den aktuelle søknadsrunden rekk.  

 

  • Dag Asbjørnsen
    • Dag Asbjørnsen

    • Seksjonsleder
    • internasjonale relasjoner
    • Telefon: +47 402 22 151
    • E-post: dag.asbjornsen[@]nfi.no
  • Tina Beate Goa Fagerheim
    • Tina Beate Goa Fagerheim

    • Produksjonsfaglig rådgiver Insentivordning og Sørfond
    • Telefon: +47 416 71 012 
    • E-post: tina.fagerheim[@]nfi.no
  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no