Norsk filminstitutt

Under dokumentar- og kortfilmfestivalen Nordic Panorama i Malmø fekk dei norske filmskaparane Ingvild Søderlind og Marlene Emilie Lyngstad priser.

 

foto. tre barn går bortetter ein kirkegard i solskinn
Frå kortfilmen Brouillarta. Foto: Nordisk Panorama

Ingvild Søderlind fekk prisen Young Nordic Award for kortfilmen Brouillarta. 11 filmar deltok i Young Nordic-konkurransen, der vinnaren blir kåra av festivalens unge publikum.

Brouillarta følger ein 10-årig gut som tilbringar sommaren hos besteforeldra i Frankrike. Som norsk slit han med å passe inn saman med sine skarpe franske søskenbarn. Ingvild Søderlind har regissert spelefilmane Alle utlendinger har lukka gardiner (2020), Battle: Freestyle (2022), Royalteen: Prinsesse Margrethe (2023), og fleire kortfilmar, ofte med barn og unge i hovudrollane. I filmane viser Søderlind eit blikk for klasse og status samstundes som ho har eit drømmande og subjektivt blikk. 

Norwegian Offspring av Marlene Emilie Lyngstad vann prisen Best Nordic Short Film. Dette er Lyngstads eksamensfilm frå Den Danske Filmskolen, og fekk tidligare i år prisen for beste studentfilm under filmfestivalen i Cannes. Under New Nordic Films-markedet på filmfestivalen i Haugesund fekk Norwegian Offspring prisen i klassen Next Nordic Generation. 

Nordisk Panorama i Malmø er det årlege utstillingsvindauget for ny nordisk dokumentar og kortfilm, med fire konkurranseprogram og ein eigen samproduksjonsdel, Nordisk Forum.

I langformat-konkurransen Best Nordic Documentary deltok Fedrelandet, Praying for Armageddon og Mii leat ain dás/We Are Still Here. Her gjekk prisen til danske Apollonia, Apollonia.  

LES MEIR OM NORDISK PANORAMA OG DEI NORSKE DELTAKARANE HER

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no