Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt har vedtatt å justere fondsbudsjettet for 2024. Midlar som var sett av i strategisk pott er brukt til å styrke fleire budsjettpostar.

Foto. Fasaden og inngangen til Norsk filminstitutt og Cinemateket

Som kommunisert i februar legg Norsk filminstitutt (NFI) opp til fleksibilitet i budsjettet, mellom anna gjennom avsetting i ei strategisk pott, som vil gjere instituttet betre i stand til å møte behova som blir observert gjennom året. Dette gjer det mogleg å sette inn midlar der dei vil gjere mest nytte for seg, utan å måtte vente eit heilt år på neste moglegheit for naudsynte tiltak.

– Bruken av strategisk pott gir rom for en meir open, dynamisk og transparent fondsbudsjettprosess. Slik sikrar NFI ein meir presis styring av fondet mot politiske og strategiske mål. Det kjem vi til å trenge i tida framover med dyrtid og stramme budsjett, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.  

kjersti mony.jpg
Kjersti Mo, direktør Norsk filminstitutt. Foto: NFI

I februar vart den strategiske potten sett til 10 millionar kroner. Dette beløpet vil variere gjennom året, og aukar dersom det blir frigjort midlar frå budsjettposten for etterhandstilskot (EHT). I lys av filmane som har premiere i 2024 og inntektene til filmane som har hatt premiere dei siste to åra er det mogleg for NFI å gjere ei meir presis berekning av budsjettposten for etterhandstilskot. Dette inneber at midlar kan bli flytta frå EHT til andre formål.  

Justeringane for 2024

Prioriteringane i det justerte fondsbudsjettet bygger på politiske føringar, strategien til NFI, trendar i søknadsbunken hittil i år, innspel frå bransjeorganisasjonane og eigne analysar. På bakgrunn av dette totalbildet har NFI gjort prioriteringar og fordelt midlane i tråd med dette. 

For budsjettåret 2024 gjer NFI følgande justeringar:

  • Dokumentarfilmen blir styrkt med 7 millionar kroner. 
    Søknadsbunken viser fleire ambisiøse prosjekt med større budsjett og internasjonale planar. NFI aukar midla til dokumentarfilm for å bidra til å styrkje og bygge vidare på resultata som norsk dokumentar oppnår både nasjonalt og internasjonalt. 

  • Neo-ordningane blir styrkte med 10 millionar kroner. Det er eit sterkt tilfang av både talent og spennande prosjekt i talentordninga Neo, og auka bidrar til at fleire debutantar får komme i gang med sine prosjekter.
     
  • Lansering av film og seriar i Norge får 3 millionar kroner i ei satsing på ung målgruppe.
    Oppslutninga om lokalt innhald blant ungdom er sviktande over hele Europa. Det er estimert fire gangar så høye kostnader å treffe unge, samanlikna med befolkninga elles. På denne bakgrunnen vil NFI gi ekstra tilskot til filmar med lanseringskampanjar som har egne tiltak for å treffe ungdom.
     
  • Kortfilm blir tilført 2 millionar kroner.
    Norsk kortfilm har utmerka seg med høg kunstnarisk kvalitet og med tilførselen blir det skapt rom for dei mest ambisiøse prosjekta.
     
  • Samproduksjon blir styrkt med 2 millionar kroner.
    NFI ser eit auka tilfang av søknader, med god kvalitet. På grunn av økte produksjonskostnader må også denne ordninga bli tilført noko meir midlar for at de norske bidraga skal være relevante.
     
  • Drift av filmfestivalar blir styrkt med 1 million kroner.
    Økte kostnader gjer at det generelt er dyrare å drifte festival. 
     
  • Filmklubbane blir styrkte med 0,5 millionar kroner.
    Filmklubbane får ei auke, mellom anna på grunn av auka kostnader.
     
  • Utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering blir tilført 2,1 millionar kroner.
    Nedgangstider i tv-drama fører til at tv-kanalane set i gang færre utviklingsløp på eiga hand. NFI styrkar ordninga med 2.100.000 kroner og endrar maksbeløpet per prosjekt frå 800.000 kroner til 350.000 kroner. Dette betyr at ytterlegare seks prosjekt kan få tilskot i 2024.
     
  • Produksjon av spelefilm etter marknadsvurdering blir tilført 2,4 millionar kroner.
    Ein av filmane som fekk tilsegn i stor ordning i 2023 har takka nei til tilskot. Disse midlane blir tilbakeførte til ordninga. NFI legger til 2.400.000 kroner for å gjere det mogleg å gi tilskot til ein ny film i stor ordning, i tråd med indeksjusterte satsar som gjeld frå februar 2024.

 

Ekstraordinære aukar 

Takka vere handlingsrommet NFI har gjennom dynamisk budsjettering vil dessa midlane nå gjere nytte for seg der behovet er størst. Midlane vil bli tildelt gjennom eksisterande ordningar slik at de kan bli satt raskt i arbeid. 

Desse aukane er ekstraordinære for budsjettet for 2024. Alt tyder på at NFI må forholda seg til stramme budsjett i åra framover. NFI vil fortsette arbeidet med innspelsrundar med bransjen, innsikt og analyse for å sikre at midla NFI forvaltar blir brukt der dei gir mest nytte.
 

  • Edda Falk
    • Edda Falk

    • Kommunikasjonssjef
    • Telefon: +47 476 32 550
    • E-post: edda.falk[@]nfi.no