Norsk filminstitutt

Ordningane for Neo utvikling og produksjon fekk ekstra midlar frå strategisk pott i mai. Desse midlane blir fordelte mellom produksjon og utvikling av spelefilm. 

Foto. Fasaden og inngangen til Norsk filminstitutt og Cinemateket

Neo-ordningane vart i mai styrkte med ti millionar kroner. Midlane blir fordelte slik at det blir rom for produksjonstilskot til ein spelefilm til i år, og meir til utvikling.

Dette inneber at filmkonsulent Rodrigo Stoicheff i år vil gje eit ekstra produksjonstilskot på 6,5 millionar kroner, mens 3,5 millionar kroner vil bli gitt ut som utviklingstilskot av Stoicheff og filmkonsulent Nina Barbosa Blad.

Prosjekt som vil søke om produksjonstilskot må ha gjennomført ein til to rundar med Neo utvikling for å kvalifisere til å søke Neo produksjon. Prosjekt som har fått Neo utviklingstilskot frå andre konsulentar enn Rodrigo Stoicheff kan også søke produksjonstilskot.  

Ordningane har løpande søknadsfrist. Midlane som er tilført ordninga skal bli delt ut før utgangen av 2024. 

Det er eit sterkt tilfang av både talent og spennande prosjekt i talentordninga Neo, og auka bidrar til at fleire debutantar får komme i gang med sine prosjekt. Dei 10 millionane frå strategisk pott er ein del av NFI si prioritering av spelefilm i årets fondsbudsjett. I mai annonserte NFI også ei styrking av dokumentarfilmen med 7 millionar kroner frå strategisk pott. Disse midlane blir delte ut gjennom konsulentordningane for dokumentar.  Utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering vart tilført 2,1 millionar kroner frå strategisk pott. 

Neo utvikling - les meir om ordninga her

Neo produksjon - les meir om ordninga her 

  • Edda Falk
    • Edda Falk

    • Kommunikasjonssjef
    • Telefon: +47 476 32 550
    • E-post: edda.falk[@]nfi.no