Norsk filminstitutt

Dokumentarfilmane Havfolket og Tøyen Pop-Up får produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt etter konsulentvurdering.  

foto. en hvit lav båt legger til ved kai mens ti-femten folk i sommerklær ser på, voksne og barn, bildet og klærne har en gammeldags patina. i bakgrunnen et fjell med snø på toppene
Frå dokumentarfilmen Havfolket. Foto: Erik Birkeland/Romsdalsmuseet/Aldeles AS

I vedtaksmøte denne veka har NFI gitt to tilskot gjennom ordninga for produksjonstilskot til dokumentarfilm etter konsulentvurdering.

Havfolket

1.800.000 kroner i produksjonstilskot.

Produksjonsselskap:  Aldeles AS, Bergen. Produsent: Elin Sander og Elisabeth Kleppe. Manus og regi: Elin Sander, Elisabeth Kleppe og Henrik Hylland Uhlving. Totalbudsjett: 8.000.000 kroner

Frå produsentens synopsis: «Havfolket er ei vittig, storslått og hemningslaus kjærleikserklæring til kystfolket og ei utviding av forteljinga om det norske. Filmfortellinga kombinerer unik arkivfilm med sterke stemmer frå kysten, og utforskar kva livet tett på havet og langt frå maktas sentrum har gjort med kystfolkets lynne, levesett og syn på tilværet». Kinodokumentar, 75 minutt

Dei erfarne dokumentaristane Elin Sander, Elisabeth Kleppe og Henrik Hylland Uhlving var del av teamet bak byfilmen Bergen – i all beskjedenhet (2020), som gjorde suksess på kino, og følgjer opp med kinodokumentar om folk ved norskekysten. Sander og Kleppe er med og driv det Bergensbaserte produksjonsselskapet Aldeles AS, som har produsert og samprodusert ei rekkje prisvinnande kunstfilmar, dokumentarfilmar og kortfilmar sidan starten i 2005.

Frå konsulentens innstilling: «Eit dokumentarisk epos om kystfolket og ei filmatisk oppleving av ‘det norske’. I ein film der alle røyster går saman i eitt  og der havet er den store karakteren, blir historia om folket på den norske kysten fortald - deira humor, innsikt, klokskap og humor. Filmen er innovativ både i form og metode, og har tilgang til et heilt unikt arkiv, med eit kreativt team som kan ta prosjektet i land» skriv filmkonsulent Anna J. Ljungmark i si innstilling.

Filmen er tidlegare tildelt 200.000 kroner i utviklingstilskot frå Norsk filminstitutt.  

Fra dokumentarfilmen Tøyen Pop-Up. Foto: Tore Vollan/Stray Dogs

Tøyen Pop-Up

900.000 kroner i produksjonstilskot.

Produksjonsselskap: Stray Dogs Productions AS. Produsent: Johanna Carin Nyström og KriStine Ann Skaret. Manus og regi: Adel Khan Farooq. Totalbudsjett: 2.210.000 kroner

Frå produsentens synopsis: «Ein hybridfilm av Adel Khan Farooq som undersøker gentrifiseringa av Tøyen frå ulike perspektiv, og i ulike formspråk. Det er ein film om integrering, inkludering, definisjonsmakt og balansen mellom å fornye og ta vare på det som er». Kortdokumentar/hybrid, 25 minutt.

Adel Khan Farooq er filmskapar, dokumentarist og forfattar. Han var medregissør på NRK-dokumentaren Den norske islamisten (2017) og har hatt manus og regi på den animerte kortfilmen Kakerlakkene (2022). Produksjonsselskapet Stray Dogs ved KriStine Ann Skaret og Sarah Winge Sørensen jobbar med regissørdrivne dokumentarprosjekt, og har blant anna produsert Life Is Beatiful (2023), som vann prisen for beste regi på IDFA 2023. Johanna Carin Nyström er ny produsent for Stray Dogs og har tidlegare regissert og produsert fleire kortfilmar og hybridfilmar

Frå konsulentens innstilling: «Tøyen er eit av desse områda som har vorte omtala som utsett, med kriminalitet, gjengar, utanforskap og så vidare. Samstundes er området på veg til å bli gentrifisert, for eksempel er den pakistanske restauranten som har lege der i 30 år, no blitt nabo med ein naturvinbar. Gjennom eit slags utvida kammerspel som bruker grep frå både fiksjon og dokumentar, illustrerer regissøren Adel Khan Farooq dette møtet mellom to verder, og nyanserer våre fastlagde oppfatningar av ‘opphavlege bebuarar’ og ‘dei som gentrifiserar’» skriv filmkonsulent Anna J. Ljungmark i si innstilling.

Les meir om tilskuddsordninga

 

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no