Hopp til hovedinnhold

Innkjøpsordninga for film

NFI kjøper inn norske kort- og dokumentarfilmar til biblioteka. Denne ordninga rettar seg mot til produsentar av norsk kort- og dokumentarfilm. Søker må ha rettane til å selja filmen.

Kven kan søke

Produsentar, eller rettshavarar med utnyttingsretten til norsk kort- og dokumentarfilm. Søkar må vere registrert i Einingsregisteret.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om innkjøp av film for digital distribusjon i ein periode som gjeld i fem år. Filmane blir gjort tilgjengelege for bibliotekets låntakarar i strøymetenesta Filmbib.

.Vilkår for innkjøp 

  • Du må ha alle rettane til å selje filmen.
  • Filmen må ha hatt premiere innanfor inneverande år og seinast fem år tilbake i tid.
  • Filmen må ha dokumentert offentleg distribusjon på kino, festivalar, tv eller internett. (Private visningar gjeld ikkje. Se retningslinjene punkt 3.4).

For at filmen skal kunne bli kjøpt inn blir det stilt krav til innlevering:

  • Digital filmfil skal leverast i Quicktime Prores HQ eller i tilsvarande kvalitet, med 2.0 lyd. I tillegg må du levere norske undertekster. Etter innkjøp skal produsenten laste opp filene i publiseringsverktøyet Organizer innan ein månad.
  • Musikkrapport over dei musikalske verka som eventuelt blir brukt i filmen skal listast opp med tittel, namn på musikarar/artistar og komponistar.
  • Det skal leverast høgoppløyseleg filmplakat og to-tre stillbilete som kan brukast til presentasjonar av filmen, i undervisningsopplegg, på nett og i sosiale medium.
  • Namn på regissør, manusforfattar og andre fagfunksjonar skal fyllast ut i eige skjema for innkjøpsordninga hos Norsk filmforbund, som fordeler individuelle vederlag til rettshavarar utover produsent, etter Filmforbundets fordelingsnøkkel.

Prioritering og vekting av søknader

Filmane blir vurdert på bakgrunn av ordningas retningslinjer og ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader. Det blir lagt særleg vekt på:

  • Kunstnarisk kvalitet
  • Mangfald i tematikk, sjanger, utttrykk og format 
  • 20% bør være egna for barn (aldersgruppe 3 – 12 år)
  • Norsk eller samisk språk
  • Teknisk standard

 

Contacts

Ansatte i NFI Simon Kvame foto david malmbekk NFI 2

Simon Kvame

Adviser Audience and Promotion