Hopp til hovedinnhold

Distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm

NFI gir tilskot til distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm på kino og andre visningsplattformer i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg mot etablerte norske filmdistributørar. 

Kven kan søke

  • Organisasjonar, stiftelsar eller selskap registrert i Einingsregisteret, som distribuerer utanlandsk film av høg kulturell verdi og kunstnarisk kvalitet til Noreg.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet.
  • For å søke om pakketilskot må selskapet kunne vise til relevant erfaring frå dei siste tre åra.

Dette kan du søke om

  • Tilskot omfattar kostnader til distribusjon og marknadsføring for heile distribusjonsløpet til filmen: På kino, video og andre plattformer.
  • Du kan søke om pakketilskot og/eller enkelttilskot

Vilkår for tilskot

  • Filmen må ha en varigheit på 60 minuttar eller meir, men kan omfatte ei samling av kortfilmar med tilsvarande total lengde.
  • Distributøren må dokumentere rettar til dei formata og plattformene filmen skal lanserast på. Rettane må minimum vere på 6 månader.
  • Filmen som tilskotet blir brukt til skal vere tilgjengeleg for alle plattformer/visningsstader som ønsker å vise filmen offentleg til ordinære marknadsmessige vilkår. Du kan til dømes ikkje avgrense visning til visningsplattformer du sjølv er eigar av, eller har vesentlege forretningsmessige bindingar til.
  • Filmar som tilskotet nyttas til må ha med NFIs vignett i fortekst, og NFIs logo i promomateriell. Vignetten kan brukast i forteksten til utanlandske filmar som har mottatt tilskot til distribusjon av NFI. Last vignetten ned her.
  • Filmar som tilskotet nyttas til skal leverast digitalt til Nasjonalbiblioteket med norske undertekster.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Prosjektbeskriving og lanseringsstrategi

Pakketilskot: Her vurderer vi distributøren sitt prosjekt og korleis eit planlagt repertoar av filmar bidrar til kunstnarisk kvalitet, breidde og mangfald i filmtilbodet i Noreg, og behovet for tilskot for å nå fram til målgruppa. Samt lanseringsstrategien inkludert involvering av strategiske partnarar både i og utanfor filmfeltet.

Enkelttilskot: Vi vurderer lanseringsstrategiens planer for samarbeid med andre aktørar, i og utanfor filmfeltet, og de planer som er lagt for å nå forskjellige målgrupper gjennom ulike marknadsføringstiltak. Samt lanseringsstrategien inkludert involvering av strategiske partnarar både i og utanfor filmfeltet.

Film for barn og unge og film frå Afrika, Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Asia kan bli prioritert.

  • Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne

Her vurderer vi relevante profesjonelle resultat hos søkar og/ eller andre nøkkelpersonar i prosjektet. nøkkelpersonar i prosjektet. Vi vurderer økonomisk gjennomføringsevne opp mot prosjektbeskriving og soliditet i selskapet. Vi vurderer om eit relevant utval tidlegare lanserte filmar oppnår formålet med ordninga. Vi ser på distributøren sin evne til samarbeid med visningsaktørar og andre partnarar, og evne til å nå fram til publikum. Desse områda vurderast også opp mot dei ambisjonane som ligg i søknaden.