Hopp til hovedinnhold

Internasjonal distribusjon

NFI gir tilskot til lansering av film og seriar i utlandet. Denne tilskotsordninga er retta mot deg som er uavhengig produsent og skal lansere ein film eller serie på festival, salgsmarknad eller anna relevant arena internasjonalt.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform. 
  • I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om at verksemda ikkje har det offentlege som hovudeigar. 
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret. 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot. 

Dette kan du søke om 

Du kan søke om tilskot til distribusjon av filmen i utlandet. Utgiftene må vere tydeleg spesifisert i søknaden.  

Du kan søke om tilskot til lansering i enkeltland eller territorium i utlandet. Begrepet territorium inneber at filmen blir seld for distribusjon i ei rekke land, for eksempel Norden eller den tysktalande delen av Europa. 

Kostnadar som kan dekkes er: 

  • visningskopiar og reklamemateriell 
  • marknadsføringskampanjar 
  • versjonering og dubbing 
  • distributørens arbeid med den aktuelle lanseringa kan utgjere inntil 10 % av budsjett. 

Tilskotet skal ikkje dekke kostnadar til kjøp av rettar/minimumsgaranti (MG). 

Vilkår for tilskot  

  • Det må leverast fullstendig søknad før filmens premiere i det aktuelle landet/territoriet. 
  • Filmen må vere ein spelefilm eller ein dokumentarfilm med lengd på over 60 minuttar. 
  • Filmen må lanserast på kino i det aktuelle landet/ territoriet. Filmen kan i tillegg lanserast på andre plattformer, og utgifter til dette kan inngå i budsjettet. 
  • Minimumsgarantien, eller første delbetaling må vere utbetalt på søknadstidspunktet. 
  • Distributøren må vere eit selskap med distribusjon av film som sitt hovudføremål. 
  • Distributøren skal dokumentere distribusjonsrettane i det aktuelle landet/territoriet. 
  • Norsk filminstitutt skal krediterast på lanseringsmaterialet når filmen distribuerast i det aktuelle landet/territoriet. 

Prioritering og vekting av søknaden 

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre. Vi baserer vurderinga på lanserings- og marknadsføringsplanen, budsjettestimat og sjølve filmen. Følgande vil bli vektlagt: 

  • At tilskot i ordninga primært skal gå til kinolansering 
  • Verkets estimerte sals- og publikumspotensial 
  • At lanseringsplanen gjer godt greie for korleis filmen skal nå sine tiltenkte målgruppe(r) 
  • Om lanseringsplanen inneheld tiltak utover normale aktivitetar knytt til lanseringa 
  • At budsjettestimata er realistiske 
  • At distributøren har den nødvendige profesjonelle kompetansen for å gjennomføre lanseringa.