I mai 2024 justerte Norsk filminstitutt fondsbudsjettet for 2024. Her vart det fordelt 3.000.000 kroner i ekstra midlar til lansering av film på kino, retta mot ungdom. Filmar som har premiere i perioden frå 1. august 2024 til 31. desember 2024, og som oppfyller vilkår for å søke ordinært lanseringstilskot (Lansering av film og seriar i Noreg), kan søke om inntil 500.000 kroner i ekstra lanseringstilskot.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av tiltaket og korleis det bidreg til føremålet med denne utlysinga. NFI kan prioritere nyskapande tiltak, eller tiltak som inkluderer medverknad frå ungdom.