Hopp til hovedinnhold
Bilde. En datamaskin som viser Norsk filminstittuts nettside.

Illustrasjonbilde: NFI

Norsk filminstitutt har fått nye nettsider

Denne uka blei NFI sine nye nettsider publisert, med ny visuell identitet, eigne spelsider, retningslinjer på både nynorsk og bokmål og eit mål om å gjere det enklare for brukarane å navigere frem til relevant informasjon og riktige søknadsskjema.

Dei nye nettsidene som blei publisert tysdag 10. september er eit resultat av analyser, brukartestar, tilbakemeldingar frå film- og spelbransjen, og ei generell opprydding og kvalitetssikring av innhaldet som skal ligge på nfi.no framover.  

Nynorsk og universell utforming

Den nye nettløysninga ivaretar krav til universell utforming, både gjennom dei tekniske løysningane og den visuelle utforminga. Den nye visuelle identiteten er utvikla internt i Norsk filminstitutt og skal bidra til å styrke NFI si merkevare nasjonalt og internasjonalt. I utviklinga av nye nettsider har NFI tatt grep for å sikre at instituttet følger språklova. Derfor er alle søknadsretningslinjer tilgjengelege på både nynorsk og bokmål på dei nye nettsidene.

Eigne spelsider og spelkatalog

Dei nye nettsidene inneheld også for første gang eigne spelsider der NFI mellom anna skal bidra til å styrke dataspelkulturen i Noreg i tråd med ambisjonane frå regjeringa sin dataspelstrategi. NFI er også i gang med å bygge ein digital spelkatalog.  

Fokussider

Vi lanserer også nye tekniske løysningar for å gjere meir innsikt frå saksbehandlingssystemet vårt tilgjengeleg, og blant nyvinningane er eigne tildelingssider og fokussider som inneheld informasjon om mellom anna talentutvikling, publikumsinnsikt, formidling, spel og dataspelkultur.  

Nettsidene er under kontinuerleg utvikling og vil bli oppdaterte og justerte etter kvart som vi får tilbakemeldingar frå brukarane.  

Velkommen inn!   

Kontakt

Foto. Kvinne ser inn i kamera.

Målfrid Hansen

Nettredaktør og systemforvalter

Ansatte i NFI Edda Falk foto david malmbekk NFI 3

Edda Falk

Kommunikasjonssjef