Hopp til hovedinnhold
Foto. To menn står blant arkivhyller med filmruller.

Einar Nistad (t.v) fra Norsk film og Tito Panaggio fra Norsk filminstitutt i filmarkivet på Jar, 1967. Foto: NFI

Norsk filminstitutts historie

Norsk filminstitutt vart oppretta ved Stortingets vedtak 3. mai 1955, som det siste i rekka av store statlege satsingar på filmsektoren i kjølvatnet av andre verdskrigen.

Starten 

I dei første ti åra etter andre verdskrigen var film ei viktig satsing for Noreg. Regjeringa etablerte Norsk Bygdekino, Statens filmsentral og Filmavisen, og auka den statlege eigardelen i produksjonsselskapet Norsk Film AS. Dei statlege tilskotsordningane for produksjon av spelefilm og kortfilm vart stadig utvikla og utvida. Den siste av etterkrigsåras store statlege filmsatsingar, var opprettinga av Norsk filminstitutt (NFI) i 1955.

Det som byrja som eit nasjonalt filmbibliotek har utvikla seg til å bli forvaltningsorganet for alle offentlege tilskot til filmområdet.

 I NFI sin første føremålsparagraf vart det fastslått at instituttets oppgåve var «å samle, katalogisere og oppbevare film, filmbilete, filmmanus, trykksaker, filmmusikk og anna filmmateriale – først og fremst av norsk opphav – som er av filmatisk og historisk interesse, å sikre bevaringa av kinomateriell og filmteknisk utstyr av historisk verdi, å drive bibliotek for filmlitteratur og å gjere materialet tilgjengeleg og spreie kjennskap til film.»

Kort sagt: NFI vart etablert som ein bibliotekar og ein materialforvaltar for norsk filmnæring.

Bransjeopplæring

Sidan har filminstituttets oppgåver blitt stadig utvida. Utover 60-talet dreiv instituttet filmklubbar over heile landet. Den raskt veksande filmklubb-rørsla låg lenge under NFI, inntil Norske Filmklubbers Forbund vart danna i 1968.

 I 1967 vart Statens Filmopplæring samlokalisert med filminstituttet og fekk rolla som samlingspunkt for opplæring av film, både for filmfolk, akademikarar og andre interesserte. Frå 1984 kom det også meir systematiserte cinematek-visningar med betydeleg støtte frå instituttet. Ti år seinare vart Cinemateket offisielt innlemma i NFI. Frå 1986 til 1993 var også det nyoppretta Videogramregisteret ein eigen avdeling i NFI før dette vart lagt til Statens filmtilsyn, no Medietilsynet.

Tilskotsforvaltar og internasjonalt arbeid

 Frå slutten av 80-talet vart arbeidet med norsk film i utlandet styrka. Men enno viktigare var kanskje at ansvaret for produksjonstilskot til spelefilm vart overført frå Kulturdepartementet til NFI. Og frå 1992 vart dette tilskotet forvalta av ein eigen spelefilmkonsulent. Samtidig inngjekk instituttet eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Nitratfilm og sikkerheitskopiar av pliktavlevert film vart frå no av oppbevarte i Mo i Rana.

Då NFI fusjonerte med Statens filmsentral i 1993 fekk instituttet også i oppgåve å arbeide med kortfilm; og formidle og distribuere 16 mm film og video. Arbeidet for norsk film i utlandet og produksjonstilskot til både spelefilm og kortfilm vart styrka.

100-åring med hus i 1996

April 1996 vart dei første 100 åra med film i Noreg feira med den offisielle opninga av Filmens Hus i Dronningens gate 16. To år seinare fekk huset også ei fast museumsutstilling, Filmmuseet. Museet var ein del av huset fram til 2019 der ansvaret for museet vart flytta til Nasjonalmuseet.

Filminstituttet fekk i 1996 også to nye velutstyrte kinoar: Tancred og Lillebil. Dermed auka framsyningsverksemda til NFI kraftig. Både pressevisningar, cinematekvisningar og andre visningar har fylt salane med filminteresserte. Under pandemien vart NFIs lokalar pussa opp og gjenopna i mai 2023. 

Rendyrka filmstøtte frå 2001

I 2001 vart ei rekke utgreiingar om norsk filmbransje og statens filmpolitikk oppsummerte i ei eiga filmreform. Bondevik 2-regjeringens «Filmreform 2001» slo fast at Noreg som dei fleste andre land i Europa er små språksamfunn der film som regel har eit innteningspotensial som er langt lågare enn kostnadene. Difor meinte dei at offentleg finansiering framleis var nødvendig for å oppretthalde og utvikle norsk filmproduksjon.

Men for å nytte den offentlege støtta best mogleg, ville dei omorganisere filmforvaltninga og endre tilskotsordningane.

I praksis medførte reforma at alt arbeid med tilskot til filmproduksjon vart overført til den nyoppretta institusjonen Norsk filmfond. NFI fekk mandat til å reindyrke forvaltninga av statens filmstøtte. Og i løpet av få år greidde NFI å doble både talet på norske filmar og kinogjengarar.

Arkiv-strømming i 2004

I mai 2015 vart filmpolitikken oppdatert gjennom ny stortingsmelding, «Ein framtidsretta filmpolitikk». Den endra ikkje NFIs hovudoppgåver, men la stor vekt på å redusere og forenkle tilskotsordningane for utvikling og produksjon av film.

 I tillegg fekk NFI eit utvida ansvar for tilskot til filmformidling og ansvar for den nye Insentivordninga. Den skal motivere norsk og internasjonal filmbransje til å bruke Noreg som innspelingsland gjennom ei refusjonsbasert, rammestyrt ordning.

Strategi 2020-2025

NFI utarbeidde i 2020, etter dialog med bransjeaktørar og bruk av framtidsstudiar ein femårig strategi der det strategiske overbygget er: «NFI skal fremje audiovisuelle historier og opplevingar, og på den måten bidra til demokrati og usemjesfellesskap, identitet og medverknad»

NFI skal:

  • fremje det kulturelle møtet mellom menneske,
  • fremje norske historier av høg kvalitet, uavhengig av plattform
  • fremje mangfald og talentutvikling
  • stimulere til ei breidde av finansieringskjelder
  • besitte og formidle djup publikumsinnsikt


Kjelder

Diesen, Jan Andreas: Film som statlig folkeopplyser. Statens filmsentral i 50 år. Oslo: Norsk filminstitutt 1998.

Hanche, Øivind, Gunnar Iversen, Nils Klevjer Aas: ”Bedre enn sitt rykte”: En liten norsk filmhistorie. Oslo: Norsk filminstitutt 1997/2004

Holst, Jan Erik: Det lille sirkus: Et essay om norske filmer og produksjonsforhold 1946-2006. Oslo: Norsk filminstitutt 2006.

Nymo, Tanya Pedersen: Under forvandlingens lov: Norsk filminstitutts historie. Oslo: Norsk filminstitutt 2006.