Farse
Vi møter ein reindriftssame som blir tvinga til å ta eit oppgjer med folka som stel reinen hans – for å selje den som kortreist økomat på ein fancy restaurant. I same aksjon oppdagar han at den vakre nabokvinna blir seksuelt utnytta i et fetisjstisk maskespel på restaurantens bakrom. Det blir både blodig og brutalt. Dette er ein grovskåren, overstadig og hemningslaus samfunnskommentar der få går fri. Tungt influert av Phil Mulloy og Terry Gilliam; ikkje subtilt, men "in your face" og med eit godt over middels stort glimt i auget.
Regissør
Regissør og manusforfattar Robin Jensen (f. 1978) har studert både animasjonsfilm og dokumentar- og fjernsynsreportasje ved Høgskulen i Volda samt visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han har jobba som animatør og regissert ei rekkje dokumentarfilmar og kortfilmar, mellom andre animasjonskortfilmane Jule-Nilssen (saman med Mats Grorud, 2010) og The Final Frontier (2014) samt fiksjonsfilmane Exit (2011) og Omplassering (2014).
Om prosjektet
- Produsent
- Tonje Skar Reiersen og Lise Fearnley
- Produksjonsselskap
- Mikrofilm AS
- Regissør
- Robin Jensen
- Manusforfatter
- Robin Jensen
Tildelinger
- Fase:
- Produksjon
- Dato:
- 09.01.2018
- Tilskudd gitt:
- 250.000 kroner
- Totalbudsjett:
- 797.576 kroner
- Konsulentvurdering:
- Ved hjelp av god, gammadags cut out teknikk på glasbord, i spedd utstrekt bruk av kjøtt, blod, maling og gørr, samt ein dæsj pixilasjon, rører regissør og manusforfattar Robin Jensen her saman eit rølpete, smaklaust og overstadig epos som i all sin gru, og med dagens politiske polarisering, #metoo-opprør og generell samtidsangst som bakteppe, blir ein aktuell og presis samfunnskommentar som røskar opp litt i vår gode smak og danning. Eller som Robin Jensen sjølv formulerer det; ein kjapp rak høgre midt i trynet. Gled dykk!
- Konsulent:
- Ståle Stein Berg
- Fase:
- Utvikling
- Dato:
- 04.02.2015
- Tilskudd gitt:
- 80.000 kroner
- Konsulent:
- Lars Gudmestad
- Arena:
- Fantastic Fest 2019
- Dato:
- 09.10.2019
- Tilskudd gitt:
- 20.000 kroner
- Arena:
- Sundance 2020
- Dato:
- 10.12.2019
- Tilskudd gitt:
- 44.460 kroner