Norsk filminstitutt

I The Middle Man møter vi Frank Farrelli som tar seg jobb som mellommann i den gudsforlatte byen Karmack, USA. Her møter vi eit samfunn i motgang og motløyse, der det å bringe dårlege nyhende til folket er blitt ei såpass omfattande oppgåve at ein altså ser seg nøydt til å halde seg med ein «profesjonell» formidlar av elende og vonde bodskap. Farrelli tar fatt på jobben med godt mot, men det går ikkje lang tid før han er vikla inn i intriger han ikkje heilt ser enden på. Eit vrient forhold til sekretæren sin, ein god ven som blir slått ned og hamnar i koma, den gode venens far som tar livet sitt og hans eiga mor som held Frank personleg ansvarleg for hans eigen fars død er nokre av ingrediensane i intrigen som trugar med å sluke Frank før han finn sin heilt eigen veg ut av elendet. Historia byggjer på andre del av Lars Saabye Christensens roman Sluk frå 2012.

Regissør og manusforfatter 

Bent Hamer er en av Norges mest kjente auteur-regissør med filmene 1001 Gram (2014), Hjem til jul (2010), O’ Horten (2007), Factotum (2005), Salmer fra kjøkkenet (2003), En dag til i solen (1998) og Eggs (1995). Flere av filmene har vunnet store priser: Amanda, vært nominert til Oscar (Norges bidrag) og både Eggs og Salmer fra kjøkkenet har vunnet pris i Cannes. I 2013 ble Hamer tildelt æres-Amanda for sitt arbeide som filmskaper.

Om prosjektet

Produsent
Bent Hamer
Produksjonsselskap
BulBul Film AS
Regissør
Bent Hamer
Manusforfatter
Bent Hamer

Tildelinger

Fase:
Utvikling
Dato:
06.10.2015
Tilskudd gitt:
330.525 kroner
Fase:
Utvikling
Dato:
17.01.2017
Tilskudd gitt:
100.000 kroner
Fase:
Utvikling
Dato:
28.08.2017
Tilskudd gitt:
100.000 kroner
Fase:
Produksjon
Dato:
18.01.2018
Tilskudd gitt:
5.969.475 kroner
Totalbudsjett:
32.268.000 kroner
Konsulentvurdering:
Bent Hamer har sidan debuten med Eggs i 1995, etterfølgt av markante filmar som mellom andre Salmer fra kjøkkenet og Factotum, etablert seg som ein av norsk films mest eigenarta filmforteljarar. The Middle Man har eit umiskjenneleg «Hamersk» særdrag over seg samstundes som setting, rollegaleri og opphavshistorie får fram ei kvassare og hardare side av eit solid filmkunstnarksap. Dette er ei lakonisk og underfundig forteljing som samstundes formidlar presise og rørande observasjonar om menneske som prøvar å leve verdige i liv i eit nedbrote samfunn – kanskje best formulert i manuset: «SHERIFF: There are lots of things you’re not allowed to do, Frank. Pissing in a public place. Driving without license plates. And then there are even more things that are allowed. Closing the train station. Shutting the school. Switching off the street lights. Small things like those. FRANK: Damn shame.» Med eit solid norsk forelegg, handling lagt til det nærast mytiske Midvesten og ein regissør som heile tida evnar å fornye seg utan å misse sin eigenart, blir dette bra greier. Den smått imponerande lista av internasjonale samarbeidspartnerar i prosjektet vitnar om det. Eg trur «Hamer goes Americana» vil bli tatt godt i mot både her heime og ute i den store verda.
Konsulent:
Ståle Stein Berg