Hopp til hovedinnhold

Arrangement for formidling av spel

NFI gir prosjekttilskot til formidlingstiltak kor dataspel blir presentert for publikum i ein pedagogisk, kulturell, samfunnsmessig eller historisk samanheng. Ordninga er meint for deg som arrangerer publikumsretta tiltak. 

Kven kan søke

  • Søkaren må vere ein organisasjon, stiftelse, eller eit føretak registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund. 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til å dekke kostnader til å gjennomføre formidlingstiltak i forbindelse med eit eller fleire publikumsarrangement. Relevante kostnader kan inkludere: 
    • Honorar og reiseutgifter til foredragshaldarar eller andre bidragsytarar
    • Leige av utstyr og lokale
    • Marknadsføring og profilering av arrangementet

Det blir ikkje gitt tilskot til å dekke driftskostnader (inkludert lønnskostnader) eller investeringar (f.eks. kjøp av utstyr o.l.) som kan tilskrivast søkars daglege drift.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn fullstendig søknad før tiltaket blir satt i verk.
  • Søknaden og søknadsdokument skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Arrangementet skal vere opent for eit allment publikum.
  • Du må kunne dokumentere at du har de nødvendige rettane for dataspela for å kunne gjennomføre arrangementet du søkar tilskot til.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Korleis tiltaket bidreg til å innfri målsettinga for ordninga.
  • Kor godt arrangementet bidreg til å setje dataspel inn i ein pedagogisk, kulturell, samfunnsmessig eller historisk samanhengsama.
  • Forventa samla effekt av tiltaket, medrekna korleis arrangementet kan auke publikums kunnskap om og interesse for eit breitt utval av spel, norske spel eller spel med særleg kunstnarisk og kulturell verdi.
  • Kvaliteten og graden av profesjonalitet i tiltaket.
  • Kor godt tiltaket vil nå relevante målgrupper.
  • Dokumentert erfaring hos nøkkelpersonar som skal involverast i tiltaket.
  • Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne hos arrangør og samarbeidspartnarar.
  • Geografisk fordeling av tilskotsmidlane.   

Vi kan prioritere tiltak som blir karakteriserte som større arrangement, seriar av arrangement med fleire samarbeidspartnarar og arrangement med sterk forankring i bransjen.

Vi kan prioritere tiltak som bidrar til medverknad og god formidling av spel til barn og ungdom, samt tiltak som bidrar til auka kjønnsbalanse, mangfald og representativitet.

Vi kan prioritere tiltak med innhald retta mot norske spel.

 

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Magnus Tellefsen foto david malmbekk NFI 4

Magnus Tellefsen

Dataspillrådgiver