Hopp til hovedinnhold

Cinematek

NFI gir tilskot til cinematekdrift i Noreg. Denne tilskotsordninga er retta mot etablerte cinematek utanfor Oslo.

Kven kan søke

Etablerte cinematek utanfor Oslo som er registrert i Einingsregisteret. 

Dette kan du søke om

  • Driftsmidlar (til dømes lønn, reise, filmleige, frakt og marknadsføring).
  • Satsingar som går utover drift og programmering (for eksempel særskilde investeringar eller prosjekt).

For ei nærare avgrensing av kva tilskotet kan gå til, sjå opplisting av godkjende driftskostnadar i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 nr.5.

Vilkår for tilskot

  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Du må levere fullstendig søknad innan fristen før driftsåret begynner. 
  • Vi gir driftstilskot berre til verksemder med profesjonell heilårsdrift
  • Cinematekets profil og program må oppfylle generelle retningslinjer for cinematekverksemd
  • Får du tilskot under denne ordninga, vil du normalt ikkje bli prioritert for tilskot til filmformidlingstiltak under andre av NFI sine tilskotsordningar.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadane. Alle søknadene i éin runde blir vurderte opp mot kvarandre. Følgande faktorar har betydning for vurderinga. 

  • Profil, aktivitetsnivå og programinnhald, i tråd med generelle retningslinjer for cinematekverksemd.
  • Tiltak og aktiviteter for å nå prioriterte målgrupper, og bidrag til medverknad frå barn og unge. 
  • Tiltak og aktiviteter som aukar bevisstheita rundt og interessa for cinematekets tilbod lokalt og regionalt, for eksempel ved å tiltrekke seg relevant samarbeidspartnarar som vil styrke cinematekets posisjon i regionen.  
  • Vi prioriterer etablerte cinematek med relevant profesjonell erfaring

Meir om ordninga

 

 

Kontaktpersoner

Default avatar profile. Generisk profilbilde. Wikipedia Commons

Ole Petter Bakken

Rådgiver formidling