Hopp til hovedinnhold

Filmfestivalar - bransjetiltak

NFI gir tilskot til bransjetiltak arrangert av filmfestivalar. Denne tilskotsordninga rettar seg mot filmfestivalar som får tilskot til drift og som i tillegg skal arrangere eitt eller fleire tiltak retta mot spesifiserte delar av den profesjonelle filmbransjen.

Kven kan søke

  • Filmfestivalar som søker om tilskot til drift av filmfestivalar, og som i tillegg tek på seg ansvar for å arrangere eitt eller fleire tiltak retta mot spesifiserte delar av filmbransjen.
  • Du kan ikkje søkje om tilskot til bransjetiltak på festivalar i utlandet, berre i Noreg.

Dette kan du søke om 

  • Tilskot til å arrangere seminar, kurs, konferansar, forum, konvent, marknader og liknande.
  • Det blir ikkje gitt tilskot til innkjøp av teknisk utstyr eller andre investeringar.
  • Det blir ikkje gitt tilskot til produksjon av audiovisuelle verk.

Vilkår for tilskot 

  • Søknaden og søknadsdokument skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Fullstendig søknad må vere levert innan fristen, seinast to månader før tiltaket startar.
  • Festivalen må kvalifisere for  tilskot til drift.
  • Tiltaket skal utelukkande vere opent for den profesjonelle bransjen. Tiltak som også er opne for publikum, studentar eller andre skal søkast om gjennom tilskot til drift.

Prioritering og vekting av søknaden 

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Tiltak som har bred representasjon frå bransjen
  • Tiltak som vil bidra til å innfri formålet med ordninga
  • Internasjonale og nasjonale ekspertars relevans i forhold til festivalens eller tiltakets program og innhald
  • Målsetting og forventa effekt av tiltaket
  • Dokumentert erfaring frå gjennomføring av tilsvarande tiltak
  • Evne til å tiltrekke seg samarbeidspartnarar og relevant fagkompetanse
  • Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne

Tilskot kan bli vurdert i forhold til mål om kjønnsbalanse og andre satsingsområde fastsett av departementet eller NFI.

For tilskot til ekspertbesøk vil det også bli vurdert korleis internasjonale ekspertars deltaking på festivalen vil bidra til profilering og spreiing av norsk film i utlandet.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Default avatar profile. Generisk profilbilde. Wikipedia Commons

Ole Petter Bakken

Rådgiver formidling