Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:
Tilskot til filmfestivalar skal bidra til kvalitet og breidde i filmtilbodet for vaksne og barn, og stimulere filmkulturen i Noreg.
Du kan få tilskot på opptil 60 % av festivalens totale budsjett. Budsjettet skal omfatte alle aktivitetane som festivalen søker tilskot til, også eventuelle tiltak gjennom året. Dersom festivalen retter seg mot barn og unge, kan vi gjere unntak og gje tilskot som overstig 60 % av festivalens totale budsjett.
Festivalar med søknadsbeløp under 100.000 kroner kan ikkje rekne med å bli prioritert.
Du må oppgi alle andre tilskot filmfestivalen får.
For festivalar som får tilskot i form av driftstilskot gjeld at samla offentleg tilskot ikkje kan vere høgare enn det som er nødvendig for å dekke driftskostnader og det som skal til for at festivalen går med et rimeleg overskot. Grensa for tilskot står i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 (7) og (8).
For en nærare avgrensing av kva tilskotet kan gå til, se opplistinga av godkjente driftskostnader i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 nr. 5.
Eit utval vurderer søknadene om festivaltilskot. Utvalet består av 3-5 eksterne ekspertar, som er oppnemnde for tre år. Utvalet har brei filmfagleg kompetanse. Utvalet leverer ei grunngitt innstilling om tilskot til NFI, som fattar endeleg vedtak. Sjå her for ein beskriving av korleis vi saksbehandlar i NFI.
Ein søknad om tilskot til bransjetiltak kan sendast inn til same søknadsfrist som søknaden om tilskot til drift. Det er også mogleg å sende inn eigen søknad om bransjetiltak til neste søknadsfrist, under føresetnad av at festivalen allereie har fått tilskot til drift for det rekneskapsåret bransjetiltaket skal arrangerast.
Alle som søker må levere eigenmelding om inkludering. Formålet med eigenmeldinga er å bevisstgjere og ansvarleggjere bransjen, så det blir skapt prosjekt som tek fleire stemmer i bruk, og som totalt sett opplevast som relevante for alle lag av befolkninga.
Eigenmeldinga skal gjere greie for inkludering og representativitet i skapar-, innhalds-, og brukarleddet. Søkaren skal vise korleis inkludering og representativitet er ivareteke med omsyn til diversitet i form av enten kjønn, alder (barn, unge, seniorar), funksjonsevne, etnisitet, urfolk, nasjonale minoritetar, seksuell orientering, geografisk tilhøyrsle eller sosial bakgrunn.
Her kan du lese meir om eigenmeldinga.