Profesjonelt drivne medlemsorganisasjonar med heilårsdrift, som legg til rette for og organiserer filmklubb i Noreg. Verksemda må vere registrert i Einingsregisteret.
For ei nærare avgrensing av kva tilskotet kan gå til, se opplisting av godkjente driftskostnadar i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 nr.5.
Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane.
Følgande faktorar har betydning for vurderinga:
Vi vil prioritere søkarar med relevante profesjonelle erfaringar og gode tidlegare resultat.
Tilskotsordningane våre er heimla i forskrift om tilskot til filmformidling. Les forskrift før du søker.
Denne ordninga skal bidra til å auke formidling og kunnskapen om norsk og utanlandsk film og filmhistorie, og filmklubbverksemda i Noreg.
Du må oppgi alle andre tilskot verksemda får.
Samla offentleg tilskot kan ikkje vere høgare enn det som er nødvendig for å dekke driftskostnader og det som skal til for at cinemateket går med eit rimeleg overskot.
Grensa for tilskot står i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 (7) og (8).
Søknaden blir behandla av rådgivar hos NFI.
Sjå her for ei beskriving av korleis vi saksbehandlar i NFI.
Alle som søker må levere eigenmelding om inkludering. Formålet med eigenmeldinga er å bevisstgjere og ansvarleggjere bransjen, så det blir skapt prosjekt som tek fleire stemmer i bruk, og som totalt sett opplevast som relevante for alle lag av befolkninga.
Eigenmeldinga skal gjere greie for inkludering og representativitet i skapar-, innhalds-, og brukarleddet. Søkaren skal vise korleis inkludering og representativitet er ivareteke med omsyn til diversitet i form av enten kjønn, alder (barn, unge, seniorar), funksjonsevne, etnisitet, urfolk, nasjonale minoritetar, seksuell orientering, geografisk tilhøyrsle eller sosial bakgrunn.
Her kan du lese meir om eigenmeldinga