Produsentar, eller rettshavarar med utnyttingsretten til norsk kort- og dokumentarfilm. Søkar må vere registrert i Einingsregisteret.
Du kan søke om innkjøp av film for digital distribusjon i ein periode som gjeld i fem år. Filmane blir gjort tilgjengelege for bibliotekets låntakarar i strøymetenesta Filmbib.
For at filmen skal kunne bli kjøpt inn blir det stilt krav til innlevering:
Filmane blir vurdert på bakgrunn av ordningas retningslinjer og ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader. Det blir lagt særleg vekt på:
Innkjøpsordninga skal bidra til at publikum får tilgang til norsk kort- og dokumentarfilm av kunstnarisk og/eller kulturell verdi. Med norsk film meinast i denne samanhengen ein film som har norsk hovudprodusent.
Vederlag for innkjøp er 30.000 kroner for kortfilm og kortdokumentar, og 50.000 kroner for dokumentarfilm med speletid frå 25 minuttar.
Vederlaget blir fordelt mellom filmens rettshavarar etter prosentsatsar som er avtalt mellom NFI og Norsk filmforbund.
Vederlag til produsent av filmen vil vere 18.000 kroner for kortfilm og kortdokumentarar, og 28.000 kroner for dokumentarfilm med speletid på 25 minuttar og over. MVA er inkludert i utbetalinga frå NFI uavhengig av om rettshavar er MVA-pliktig eller ikkje.I tillegg blir 12.000 kroner for kortfilm og kortdokumentarar, og 22.000 kroner for dokumentarfilmar utbetalt til Norsk filmforbund for fordeling av vederlag. Kostnader til administrasjon (2000 kroner) blir trekt frå. Deretter blir vederlaget vidarefordelt til personar med opphavsrettslege fagfunksjonar på den enkelte filmen. Denne fordelinga følger Filmforbundets fordelingsnøkkel.
Meir detaljert informasjon finn du i retningslinjene punkt 5.
Du må ha lest retningslinjene før du søker om innkjøp.
Søknaden skal innehalde:
Eit utval vurderer søknadene om kva filmar som skal kjøpast inn. Utvalet består av tre eksterne personar, som er oppnemnd for tre år. Utvalet er nominert av Filmforbundet, Produsentforeningen, Dramatikerforbundet og Norske Filmregissører. I utvalet sitt også ein kandidat som skal representere bibliotekfaglege miljø.
Rådgivar hos NFI innstiller til vedtak basert på utvalets anbefalingar om innkjøp.
Sjå her for ei beskriving av korleis vi saksbehandlar i NFI.