Hopp til hovedinnhold

Innkjøpsordninga for spel

NFI kjøper inn norske dataspel til bibliotekbruk. Innkjøpsordninga rettar seg mot norske spelprodusentar.

Kven kan søke

  • Produsentar av norske spel. Med norske spel meinast her spel som er utvikla av ein norsk hovudprodusent.
  • Søker må vere registrert i Einingsregisteret, og ha retten til å selja spelet.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om innkjøp av eit utgitt, norskutvikla dataspel til alle plattformer det er tilknytta, både i fysisk utgåve og/eller i digital utgåve til utlån, nedlasting og bruk av og i biblioteka.
  • Du kan søke med same spel til fleire plattformer.
  • Du kan søke med eldre titlar om spelet gis ut til ein ny plattform, eller i ein oppdatert/utvida versjon. Dette gjeld også spel som NFI har kjøpt inn tidlegare.
  • Du kan søke om tilskot til å utgje spelet i fysisk versjon som del av innkjøpet. Du må da dokumentere kva trykkekostnader som vil koma til. NFI vil kunne dekke opp til 100.000 kroner av slike kostnader.

Vilkår for innkjøp 

  • Du må ha rettane til å selje spelet (kodar /nøklar/ eksemplar som du tilbyr til bibliotekbruk). Spelprodusenten vil sjølv stå ansvarleg for at eventuelle avtaler med tredjepart ikkje strider med avtaler som blir inngått med NFI.
  • Det skal ikkje vere kjøp eller reklame i spelet.
  • Du må levere speleksemplar, bruksrettleiing og andre krav til innlevering som NFI etterspør i samsvar med tilskotsbrev.
  • Du må tilby support og vedlikehald av eventuelle lenker i inntil to år.
  • Nedlastbare spel må leverast med kodar/nøklar til å løyse inn spelet. Kodane må vere gyldige i minimum to år, eller leverast i fleire omgangar.
  • Spel i fysisk versjon må leverast til NFI, eller anna avtalt mottaksstad på forhånd. NFI tar kostnaden med å sende spelet vidare til biblioteka.

Prioritering og vekting av søknader

Spela blir vurderte på bakgrunn av ordningas retningslinjer. Det blir gjort ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader. Det blir lagt særleg vekt på:

  • Om spelet er for barn og unge
  • Om spelet er på norsk eller samiske språk
  • Mangfald i tematikk, sjangrar og uttrykk
  • Spelets kvalitet
  • Spelets anvendelegheit i bibliotek (basert på tema, målgruppe, plattform)
  • Utgivingsdato. Nyare spel vil bli prioriterte

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Girl Genius: Adventures in castle heterodyne. Fysisk Switch versjon. Dato for vedtak 14. mars 2024 Søker Rain as Tildelt  148 000,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Emil fra Lønneberget Dato for vedtak 7. mars 2024 Søker Ravn Studio as Tildelt  33 625,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Girl Genius: Eventyr i Slottet Heterodyne Dato for vedtak 12. des. 2023 Søker Rain as Tildelt  60 250,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
The Widows Boutique Dato for vedtak 12. des. 2023 Søker TIDVIS GAMES AS Tildelt  27 438,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Fru Sems valg Dato for vedtak 23. nov. 2023 Søker TIDVIS GAMES AS Tildelt  10 000,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Brageskålen Dato for vedtak 23. nov. 2023 Søker TIDVIS GAMES AS Tildelt  10 000,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
ICEwall Dato for vedtak 27. okt. 2023 Søker ERLEND KIRKEBØ Tildelt  23 313,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Lulu's Temple Dato for vedtak 21. sep. 2023 Søker AGELVIK GAMES AS Tildelt  19 750,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Killer in the Cabin Dato for vedtak 4. sep. 2023 Søker GAMES PEOPLE PLAY AS Tildelt  15 550,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Fishing: North Atlantic - Complete Edition Dato for vedtak 13. des. 2022 Søker Misc Games as Tildelt  275 000,- Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Magnus Tellefsen foto david malmbekk NFI 4

Magnus Tellefsen

Dataspillrådgiver