Hopp til hovedinnhold

Lokale kinotiltak

NFI gir prosjekttilskot til aktivitetar som gir auka breidde og kvalitet i filmtilbodet på den lokale kinoen, og marknadsføring av desse. Denne tilskotsordninga rettar seg mot etablerte kinoar i Noreg med visning av film som hovudformål.

Kven kan søke

  • Alle etablerte kinoar i Noreg med visning av film som hovudformål, og betaler avgift i samsvar med § 3-1 i forskrift om film og videogram.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om prosjekttilskot til aktivitetar knytt til ei filmvisning som gir auka breidde og kvalitet i filmtilbodet på den lokale kinoen, og marknadsføring av desse.

     

  • Du kan søke om tilskot til fleire tiltak samtidig, som samla bidrar til å nå ei felles målsetting.

Vilkår for tilskot 

  • Søknaden og søknadsdokument skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Du må levere fullstendig søknad innan søknadsfristens utløp.
  • Tiltakets startdato må vere minst to månader etter søknadsfrist.
  • Du må oppgi all anna offentleg støtte prosjektet får eller som det vert søkt om.
  • Samla offentleg støtte kan ikkje vere høgare enn det som er nødvendig for å dekke dei relevante kostnadene for prosjektet i den aktuelle perioden.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg vekt på: 

  • Korleis tiltaket vil bidra til breidde og kvalitet i filmtilbodet, og komplementere det ordinære kinotilbodet på staden.
  • Målgruppa for tiltaket, og korleis de skal nå denne. Her vil vi også legge vekt på langsiktig strategi for å nå nye målgrupper
  • Den totale effekten av tiltaket. Korleis det bidrar til å stimulere filmkulturen og profilere kinoen som lokal kulturinstitusjon.  
  • Originalitet og nyskaping, og i kva grad tiltaket skil seg frå kinoens eksisterande tilbod. 
  • Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne. Dette gjeld både kinoen og nøkkelpersonar i prosjektet.
  • I kva grad tiltaket bidrar til å nå måla i prioriterte satsingsområde vedtatt av Kulturdepartementet eller NFI, samt oppretthalde ein desentralisert kinokultur. 

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Default avatar profile. Generisk profilbilde. Wikipedia Commons

Ole Petter Bakken

Rådgiver formidling