Hopp til hovedinnhold

Medverknadstiltak barn og unge

NFI gir tilskot til tiltak som bidrar til at barn og unge får medverke i utforminga og/eller gjennomføringa av formidlingsopplegg på etablerte arenaer for film og spel. Ordninga er retta mot organisasjonar som har dokumentert erfaring med publikumsretta verksemd eller frå produksjon av film eller spel. Medverknaden kan skje i planleggingsfase, ved programmering eller gjennomføring av formidlingsopplegg, eller produksjon av film og spel retta mot målgruppa.

Kven kan søke

  • Organisasjonar, stiftelsar, kommunalt føretak eller føretak registrert i Einingsregisteret (inkludert enkeltpersonføretak).
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

  • Tilskotet kan ikkje dekke vanlege driftskostnader til organisasjonen som søker, eller til ein samarbeidsorganisasjon.

Vilkår for tilskot

  • Du må levere fullstendig søknad før utviklinga og/ eller gjennomføringa av medverknadstiltaket skal starte.
  • Tiltaket må bli utvikla og/ eller gjennomført av ein etablert aktør som utviklar, produserer eller formidlar film eller spel til barn og unge.
  • Tiltaket må ha ein eller fleire relevante samarbeidspartnarar, som sikrar at tiltaket når målgruppa.
  • Tiltaket må ha ein plan for korleis barn og unge kan medverke i planlegging, programmering, eller produksjon av innhald på etablerte formidlingsarenaer, i spelutvikling eller filmproduksjonar.
  • Tiltaket må ha ein plan for å rekruttere barn og unge, og særleg grupper som er underrepresentert i den lokale film- og spel-satsinga på barn og unge.
  • Øvre aldersgrense for barn og unge som medverkar er 20 år.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Søkar og samarbeidspartnar sine dokumenterte erfaringar med utvikling, produksjon eller formidling av film og spel
  • Planar for rekruttering, av barn og unge, og særleg underrepresenterte grupper.
  • I kva grad tiltaket bidrar til formålet for ordninga
  • Nyskapande medverknadstiltak

Vi vil prioritere tiltak som bidrar til å betre kjønnsbalansen og som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Vi kan prioritere tiltak som har etablerte aktørar og samarbeidspartnarar.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Honnywood & Filmfesken Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker NORDKAPP FILMFESTIVAL AS Tildelt  350 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Søknad om støtte til medvirkningstiltak for ungdom i regi av Kosmorama - Trondheim internasjonale filmfestival (Arbeidstittel) Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker FILMFEST TRONDHEIM AS Tildelt  250 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Sokkemysteriet Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker Filmbin as Tildelt  200 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Ungdomsstyrte arrangementer på Amandus Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker STIFTELSEN AMANDUSFESTIVALEN Tildelt  350 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
UNGFILM 2024 Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker BERGEN INTERNASJONALE FILMFESTIVAL AS Tildelt  350 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
En eventyrlig reise Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker BARNEFILMFESTIVALEN AS Tildelt  350 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Ungdomsmedvirkning - Lillestrøm Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker SANT OG USANT AS Tildelt  225 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
De Voksne Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker YELLOW LOG AS Tildelt  375 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Ung film Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker DEN NORSKE FILMFESTIVALEN AS Tildelt  200 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge
Ungdomsrådet for skolefilmfestivalen Oslo Pix Ung 2024/2025 Dato for vedtak 15. nov. 2023 Søker STIFTELSEN FESTIVALKONTORET Tildelt  350 000,- Tilskuddsordning: Medvirkningstiltak barn og unge

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera.

Stig Andresen

Rådgiver formidling