Hopp til hovedinnhold

Film-og kinoteknisk rådgiving

NFI gir tilskot til prosjekt som bidrar til eit profesjonelt miljø for kino i Noreg. Denne tilskotsordninga er retta mot aktørar med spesialkompetanse innan kinodrift.

Kven kan søke

Aktørar med spesialkompetanse innan kinodrift. Som søker må du representere ein organisasjon, stiftelse eller selskap registrert i Einingsregisteret.

Dette kan du søke om

  • Prosjektmidlar for å dekke utgifter knytte til for eksempel kurs, lønn og reise.
  • Vi gir ikkje tilskot til å dekke generelle administrasjonskostnader.

Vilkår for tilskot 

Du må levere fullstendig søknad før prosjektet skal starte.

Du må oppgi all annan offentleg støtte prosjektet får.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Korleis du konkret skal gi rettleiing og kompetanseoverføring til mindre og mellomstore kinoar i Noreg.
  • Korleis du vil bidra til å gjere kinoens drift meir økonomisk, sikker og hensiktsmessig.
  • Dine tidlegare oppnådde resultat og erfaring frå området.
  • Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera.

Stig Andresen

Rådgiver formidling