Du kan søke om tilskot til distribusjon av filmen i utlandet. Utgiftene må vere tydeleg spesifisert i søknaden.
Du kan søke om tilskot til lansering i enkeltland eller territorium i utlandet. Begrepet territorium inneber at filmen blir seld for distribusjon i ei rekke land, for eksempel Norden eller den tysktalande delen av Europa.
Kostnadar som kan dekkes er:
Tilskotet skal ikkje dekke kostnadar til kjøp av rettar/minimumsgaranti (MG).
Manuskript eller litterært førelegg er originalskrive på norsk eller samisk.
Hovudtemaet er knytt til norsk historie, kultur eller samfunnsforhold.
Handlinga utspeler seg i Noreg eller eit anna EØS-land.
Verket har vesentleg bidrag frå opphavspersonar eller utøvande kunstnarar busett i Noreg eller eit annet EØS-land.
Les meir om kulturtesten her.
Med primære lanseringsfase meinast 1 år før den internasjonale premieren til 2 år etter filmens internasjonale premiere.
Om filmen ikkje har hatt internasjonal premiere, reknast primær lanseringsfase som 1 år før premiere til 2 år etter den norske premieren.
Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre. Vi baserer vurderinga på lanserings- og marknadsføringsplanen, budsjettestimat og sjølve filmen. Følgande vil bli vektlagt:
Tilskot til internasjonal distribusjon skal bidra til å styrke eksporten av norsk film gjennom auka internasjonalt sal og distribusjon, og gi auka inntekter til filmens produsent. Ordninga vil også styrke norsk films publikums- og marknadsposisjon i utlandet.
Maksimalt tilskot for éin film per land/territorium er 250.000 NOK. Totalt tilskot for éin film i alle land/territorium er maksimalt 600.000 NOK.
Minimumsbeløpet det kan søkast om er 50.000 NOK.
Tilskotet kan ikkje overstige 50% av distributørens godkjente budsjett. Ved berekning av distributørens godkjente budsjett, kan ikkje finansiering frå andre tilskotsgivarar inngå som eigenandel, for eksempel lokal importstøtte eller tilskot frå Creative Europe.
Du finn alle detaljerte krav til søknaden i søknadsportalen.
Rådgivar saksbehandlar søknaden i samråd med lanseringskonsulent utland.
Sjå her for ein full gjennomgang av saksgangen i NFI
Tilskotet blir utbetalt til filmens norske produsent, etter innsending av utbetalingsoppmoding. Produksjonsselskapet utbetaler tilskotet til det lokale distribusjonsselskapet for at selskapet skal distribuere den norske filmen.
Sluttrapport skal leverast 6 månader etter filmens premiere. Tilskotsmottakar plikter å framlegge følgande dokument: