Hopp til hovedinnhold

Lansering av film og seriar i Noreg

NFI gir tilskot til lansering av filmar og seriar i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg til deg som er uavhengig produsent i Noreg eller innanfor EØS, og skal lansere ein film eller serie allment tilgjengeleg for eit bredt publikum i Noreg.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • For tilskot til lansering etter § 3-11 kan det i særlege tilfelle gjerast unntak frå kravet om at føretaket ikkje har det offentlege som hovudeigar.
  • Søkar kan bli vurdert med anna organisasjonsform eller utan nøkkelmedarbeidarar med betydeleg profesjonell erfaring. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett.
  • Søkaren skal dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot for å dekke kostnader knytt til lansering av verk i sin primære lanseringsfase. Det er eit vilkår at verket gjerast allment tilgjengeleg for eit breitt norsk publikum.

Vilkår for tilskot 

  • Prosjektet må vere ferdig produsert og i sin primære lanseringsfase.
  • Det må liggje føre signert kontrakt med norsk distributør og/eller visningsplattform.
  • Distribusjonsstrategien skal vere kjent for NFI ved vedtak om produksjonstilskot. For filmar utan produksjonstilskot frå NFI skal strategien vere kjent seinast eit halvt år før offisiell norsk premiere.
  • Du må ha rettane til å lansere prosjektet.
  • Alle prosjekt må gjerast tilgjengelege med teksting i Noreg, og kinofilmar skal distribuerast med både teksting og synstolking.
  • Filmar som får lanseringstilskot skal vere tilgjengelege på ordinære marknadsmessige vilkår for alle som ønsker å vise filmen offentleg. Du kan for eksempel ikkje avgrense visninga til visningsplattformer du sjølv eig eller har vesentlege forretningsmessige bindingar til.
  • Dersom premieredato flyttast meir enn fire månader frem i tid frå opphavleg premieredato i søknad om lanseringstilskot, skal søknaden trekkast og det må søkast på nytt med oppdatert informasjon.
  • Tilskotet kan ikkje overstige 50% av godkjente regnskapsførte kostnader.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av lanseringsplan, lanseringstidspunkt, publikumspotensial, grad av tilgjengelegheit for publikum og prosjektets forventa inntektspotensial basert på gjeldande marknadsvilkår.

  • NFI kan prioritere audiovisuelle verk som har mottatt produksjonstilskot etter Forskrift om tilskot til audiovisuell produksjon.
  • Erfaring og tidlegare resultat blir vektlagt.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Isabell Langvatn foto david malmbekk NFI 2

Isabell Langvatn

Publikumsrådgiver

Ansatte i NFI Simon Kvame foto david malmbekk NFI 2

Simon Kvame

Publikums- og markedsrådgiver