Hopp til hovedinnhold

Lansering av film og seriar i utlandet

NFI gir tilskot til lansering av filmar og seriar i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg til deg som er uavhengig produsent og skal lansere ein film eller serie på festival, salsmarknad eller annan relevant arena internasjonalt.

Kven kan søke

  • Uavhengige produksjonsselskap i Noreg eller innanfor EØS som har audiovisuell produksjon som hovudformål
  • Verksemda kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Verksemda må vere organisert som aksjeselskap 
  • Verksemda må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret
  • For tilskot til lansering etter § 3-11 kan det i særlege tilfelle gjerast unntak frå kravet om at føretaket ikkje har det offentlege som hovudeigar 
  • Vi kan godta at søker har anna organisasjonsform eller utan nøkkelmedarbeidarar med betydeleg profesjonell erfaring. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets størrelse, kompleksitet og budsjett

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til lansering av audiovisuelle verk på festivalar, salsmarknader eller andre relevante arenaer. Sjå lista over prioriterte festivalar og marknader.

Vilkår for tilskot 

  • Prosjektet må vere ferdig produsert og i sin primære lanseringsfase. For utlandet betyr det normalt 12 månader etter norsk eller internasjonal premiere/utgiving.
  • For lansering på salsmarknader er det tilstrekkeleg at det er tatt produksjonsavgjerd. Dette gjeld alle format.
  • Du må ha rettane til å lansere prosjektet.
  • Produsenten må vere til stades på salsmarknadene/messene.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av lanseringsplan, kva forventa salspotensial verket har, og arenaens posisjon internasjonalt. Verk med førehandstilskot kan bli prioritert.

  • Det blir lagt vekt på erfaring og tidlegare resultat, samt verksemdas overordna strategi for internasjonal satsing.
  • Tilskot til deltaking på salsmarknader blir gitt primært til verk som vurderast å ha eit særskilt høgt internasjonalt potensial, og der det blir lagt opp til lanseringsaktivitetar utover det som kan forventast å ligge i ordinær avtale med salsagent.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Kunsten er død Dato for vedtak 20. juni 2024 Søker TRUE CONTENT PRODUCTION AS Tildelt  7 500,- Regissør: Ivar Aase Produsent: Øyvind Lierhagen Eriksen Manus: Tarjei Sandvik Moe Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
Fasade Dato for vedtak 20. juni 2024 Søker PEGGY HØY AS Tildelt  25 000,- Regissør: Ingrid Liavaag Produsent: Ingrid Liavaag Manus: Ingrid Liavaag, Ingri Enger Damon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
Spermageddon Dato for vedtak 18. juni 2024 Søker 74 Entertainment AS Tildelt  100 000,- Regissør: Rasmus Sivertsen, Tommy Wirkola Produsent: Jørgen Storm Rosenberg Manus: Vegar Hoel, Tommy Wirkola, Jesper Sundnes Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
Mørkeblind Dato for vedtak 18. juni 2024 Søker FORBES FILM Tildelt  25 000,- Regissør: Iain Forbes Produsent: Oda Roth Manus: Andreas Lübker Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
Kanskje det var elefanter Dato for vedtak 18. juni 2024 Søker Mikrofilm as Tildelt  50 000,- Regissør: Torill Kove Produsent: Lise Fearnley, Tonje Skar Reiersen Manus: Torill Kove Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Hanne Merethe Okstad foto david malmbekk NFI 2

Hanne Merethe Okstad

Rådgiver lansering utland