Hopp til hovedinnhold

Lansering av spel

NFI gir tilskot til lansering av norske spel for å bidra til at norske spel kan hevde seg nasjonalt og internasjonalt, og nå et stort publikum.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit produksjonsføretak som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

NFI kan gi tilskot til relevante kostnader forbunde med deltaking på salsmarknader, promotering og tilrettelegging i forbindelse med lansering. 

Det er mogleg å søke om tilskot til gjennomføring av eitt eller fleire lanseringstiltak (langsiktig lansering). Tidsperioden for langsiktig lansering skal vare maks eitt år.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til 
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Nøkkelmedarbeidarane i prosjektet skal samla ha tilstrekkeleg profesjonell erfaring til å gjennomføre prosjektet. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett. 

Prioritering og vekting av søknaden

I tillegg til det som går fram av forskrifta § 3-8, blir det gjort ei heilskapleg vurdering av:

  • Lanseringsplan
  • Lanseringstidspunkt
  • Publikumsestimat
  • Innteningspotensial

For tiltak på salsmarknader blir det lagt vekt på salsmarknadens relevans og betydning.

Vi kan prioritere spel med utviklingstilskot frå NFI.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Brew Dato for vedtak 24. juni 2024 Søker SNOW LEAF STUDIOS AS Tildelt  11 000,- Produsent: Isak Wahl Tilskuddsordning: Lansering av spill
Mechjesty Dato for vedtak 21. juni 2024 Søker SKINNY BANDIT AS Tildelt  110 000,- Produsent: Robin Ekeheien Tilskuddsordning: Lansering av spill
Dustborn Dato for vedtak 16. mai 2024 Søker Red Thread Games AS Tildelt  1 600 000,- Produsent: Ragnar Tørnquist Tilskuddsordning: Lansering av spill
Yield! Dato for vedtak 10. mai 2024 Søker BILLIONWORLDS AS Tildelt  50 000,- Produsent: Øystein Isaksen Tilskuddsordning: Lansering av spill
Fruit Bus Dato for vedtak 29. apr. 2024 Søker Krillbite Studio AS Tildelt  1 600 000,- Produsent: Jack Kristoffersen Tilskuddsordning: Lansering av spill
Svalbard Dato for vedtak 13. mars 2024 Søker Red Thread Games AS Tildelt  45 000,- Produsent: Ragnar Tørnquist Tilskuddsordning: Lansering av spill
Prosjekt CROP Dato for vedtak 14. feb. 2024 Søker CARBONARA GAMES AS Tildelt  43 000,- Produsent: ADRIAN TINGSTAD HUSBY Tilskuddsordning: Lansering av spill
Life Below Dato for vedtak 14. feb. 2024 Søker Megapop as Tildelt  400 000,- Produsent: Jørgen Tharaldsen, Lise Lie Tilskuddsordning: Lansering av spill
Fun Run 4 Dato for vedtak 9. feb. 2024 Søker Dirtybit AS Tildelt  1 000 000,- Produsent: Niamh Cunningham Tilskuddsordning: Lansering av spill
Ships At Sea Dato for vedtak 5. feb. 2024 Søker MISC GAMES AS Tildelt  500 000,- Produsent: Gøran Myrland Tilskuddsordning: Lansering av spill

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Magnus Tellefsen foto david malmbekk NFI 4

Magnus Tellefsen

Dataspillrådgiver