Hopp til hovedinnhold

Lansering Noreg – tiltak retta mot ungdom

I mai 2024 justerte Norsk filminstitutt fondsbudsjettet for 2024. Her vart det fordelt 3.000.000 kroner i ekstra midlar til lansering av film på kino, retta mot ungdom. Filmar som har premiere i perioden frå 1. august 2024 til 31. desember 2024, og som oppfyller vilkår for å søke ordinært lanseringstilskot (Lansering av film og seriar i Noreg), kan søke om inntil 500.000 kroner i ekstra lanseringstilskot.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • For tilskot til lansering etter § 3-11 kan det i særlege tilfelle gjerast unntak frå kravet om at føretaket ikkje har det offentlege som hovudeigar.
  • Søkar kan bli vurdert med anna organisasjonsform eller utan nøkkelmedarbeidarar med betydeleg profesjonell erfaring. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett.
  • Søkaren skal dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot for å dekke kostnader knytt til lanseringskampanje retta spesifikt mot ungdom 13 til 19 år.

Vilkår for tilskot

  • Du må oppfylle vilkår for å søke ordinært lanseringstilskot (Lansering av film og seriar i Noreg) for å kvalifisere i denne ordninga.
  •  Verket det blir søkt om lanseringstilskot til, må ha premiere i perioden 1. august 2024 til og med 31. desember 2024.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av tiltaket og korleis det bidreg til føremålet med denne utlysinga. NFI kan prioritere nyskapande tiltak, eller tiltak som inkluderer medverknad frå ungdom.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Isabell Langvatn foto david malmbekk NFI 2

Isabell Langvatn

Publikumsrådgiver