Hopp til hovedinnhold

Etterhandstilskot

NFI gir etterhandstilskot til kinofilmar som har mottatt førehandstilskot frå NFI eller regional filmforvaltar – eller som har fått førehandsgodkjenning for etterhandstilskot etter søknad i 2020 eller tidlegare. Etterhandstilskotet er ei automatisk ordning som blir utløyst etter eit visst tal selde kinobillettar i Noreg. Ordninga er retta mot uavhengige produsentar med spelefilm eller dokumentarfilm som primært skal visast på kino i Noreg.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere et uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i et annet EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Etterhandstilskot er eit etterskotsvis produksjonstilskot. 
  • Ordninga er automatisk, og det blir gitt tilskot proporsjonalt med produsentens billettinntekt om vilkåra for ordninga er oppfylte. 

Vilkår for tilskot

  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. På grunnlag av denne søknaden får du førehandsgodkjenning om etterhandstilskot dersom vilkåra for tilskot elles er oppfylte.
  • Filmen må ha fått produksjonstilskot frå NFI i samsvar med forskrift om audiovisuell produksjon §§ 3-6 eller 3-7, eller ha fått produksjonstilskot etter § 3-6 frå regional tilskotsforvaltar, så sant det regionale tilskotet utgjer minst 25% av utviklings- og produksjonsbudsjettet eller 3 millionar kroner eller meir.
  • Ordinært billettsal på norsk kino må overstige:
    25.000 billettar for fiksjonsfilm med produksjonstilskot etter § 3-6
    15.000 billettar for dokumentarfilm med produksjonstilskot etter § 3-6
    50.000 billettar for film med produksjonstilskot etter § 3-7
    10.000 billettar for filmar med tilskot frå NFIs konsulentordning vedtatt før 1. januar 2021.
     
  • For filmar utan førehandstilskot søkt førehandsgodkjenning for etterhandstilskot før 1. januar 2021 og som har fått innvilga slik førehandsgodkjenning vil terskelen vere angitt i førehandsgodkjenninga, og vere på enten 35.000 eller 10.000 billettar.
  • Filmar med tilskot frå NFIs insentivordning kan ikkje søke om etterhandstilskot.
  • Filmar utan førehandstilskot som kinofilm eller filmar med førehandstilskot som kinofilm utan samtidig valt etterhandstilskot søkt etter 19. februar 2021 kan ikkje søke om etterhandstilskot seinare.
  • Dersom filmen har fått førehandstilsegn om etterhandstilskot frå NFI, er fristen for å sende endeleg søknad om etterhandstilskot seinast 4 veker før premiere. Dersom fristen ikkje blir overhalden bortfell retten til etterhandstilskotet.
  • Dersom filmen har mottatt regionalt tilskot som kvalifiserer for etterhandstilskot, skal søknad om etterhandstilskot sendes til NFI innan innsending av dokumentasjon av fullfinansiering til regional tilskotsforvaltar og før igangsetting av produksjonsfasen.
  • For filmar med førehandsgodkjenning av etterhandstilskot innsendt og bekrefta i 2020 eller tidlegare, og for filmar med produksjonstilskot frå NFI vedtatt før 1. januar 2021, skal det sendast inn endeleg søknad om etterhandstilskot seinast fire veker før kinopremiere. Dersom fristen ikkje blir overhalden, bortfell retten til etterhandstilskotet.

 

Prioritering og vekting av søknaden

Etterhandstilskotet er ei automatisk ordning. Dersom vilkåra for tilskot er oppfylt vil du få etterhandstilskot. Det blir derfor ikkje gjort prioritering og vekting av søknaden opp mot andre søknader om etterhandstilskot. 

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Salma Reiermark Karoliussen foto david malmbekk NFI 2

Salma Reiermark Karoliussen

Produksjonsfaglig rådgiver - Spillefilm