Hopp til hovedinnhold

Neo produksjon

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent innanfor regi/serieskaparar som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, dramaseriar eller hybrid. Neo skal bidra til å få fram originale og modige prosjekt av høg kunstnarisk kvalitet. Det blir gitt tilskot til lågbudsjettproduksjonar.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt, til produksjon av eit verk på minimum 601 minuttar totalt.
  • Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan tas med i produksjonsbudsjettet.
  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. Du finn meir informasjon om etterhandstilskot lenger ned på sida.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før opptaksstart og før du begynner på arbeidet som du søker tilskot til
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Produsenten og nøkkelmedarbeidarar må ha 3-årig utdanning på bachelornivå i faget eller relevant og dokumenterbar filmfagleg erfaring innanfor sitt fagfelt.
  • Produksjonsselskap og/eller produsent må ha gjennomført og distribuert minimum éin produksjon med tilskot frå NFI, regionale filmsenter eller fond. 
  • Prosjektet må ha gjennomført minimum ein runde med Neo utvikling.
  • Produsenten må ha inngått ein intensjonsavtale med ein distributør for kino eller anna dokumenterbar visningsplattform. Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha brei marknadsandel i Noreg.   
  • Neo godkjenner ikkje medfinansiering kor det er sett redaksjonelle krav.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

  • Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:
  • Kunstnariske kvalitetar, visjonar og ambisjonar i prosjektet. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her. 
  • Regissørens talent og erfaring
  • Produsentens gjennomføringsevne i langt format

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse

Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til kunstnarisk vågemot, variasjon og kvalitet i filmtilbodet.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Grevlingene Dato for vedtak 9. apr. 2024 Søker 73 EYES FILM PRODUCTION AS Tildelt  7 190 000,- Regissør: Paul Magnus Lundø Produsent: David L. Leader Manus: Paul Magnus Lundø Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Momentum Dato for vedtak 27. feb. 2024 Søker Field Productions AS Tildelt  1 450 000,- Regissør: Matias Myklebust Produsent: Filip Christensen Manus: Matias Myklebust Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Ikke kall meg mamma Dato for vedtak 27. feb. 2024 Søker THE GLOBAL ENSEMBLE DRAMA AS Tildelt  6 750 000,- Regissør: Nina Knag Produsent: Eleonore Anselme, Ingrid Skagestad Manus: Nina Knag Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
I follow rivers Dato for vedtak 1. feb. 2024 Søker Field Productions AS Tildelt  1 900 000,- Regissør: Barbora Hollan Produsent: Filip Christensen Manus: Barbora Hollan Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Solomamma Dato for vedtak 14. des. 2023 Søker BACON PICTURES OSLO AS Tildelt  6 730 000,- Regissør: Janicke Askevold Produsent: Rebekka Rognøy, Magne Lyngner, Magnus Nygaard Albertsen, Gary Cranner Manus: Jørgen Færøy Flasnes Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Jeg heter Karla Dato for vedtak 14. des. 2023 Søker Nordisk Film Production as Tildelt  6 840 000,- Regissør: Mari Storstein Produsent: Thomas Robsahm Manus: Tomas Myklebost Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Zarzis Dato for vedtak 18. apr. 2023 Søker GORILLAFILM AS Tildelt  7 218 800,- Regissør: Farzad Samsami Produsent: Farzad Samsami, Trude Refsahl Manus: Farzad Samsami Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Armand Dato for vedtak 27. jan. 2023 Søker EYE EYE PICTURES AS Tildelt  6 350 000,- Regissør: Halfdan Tøndel Produsent: Andrea Berentsen Ottmar Manus: Halfdan Tøndel Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Pet Farm Dato for vedtak 20. jan. 2023 Søker Walther Bros AS Tildelt  1 575 000,- Regissør: Finn Walther og Martin Walther Produsent: Martin A. Walther Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Renessanseprinsen Dato for vedtak 15. des. 2022 Søker SCREEN STORY FILM OG TV AS Tildelt  1 930 000,- Regissør: Emily Louisa Millan Eide Produsent: Thorvald Nilsen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo

Ansatte i NFI Helen Prestgard foto david malmbekk NFI 2

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og Neo