Hopp til hovedinnhold

Produksjon av dokumentarfilm etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til å skape dokumentarfilm av høg kunstnarisk kvalitet og med stor kulturell og samfunnsmessig verdi. Ordninga er retta mot produsentar av dokumentarfilm.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap.
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt.

Dersom primærplattforma for din dokumentarfilm er norsk kino, skal du samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. Les meir

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og før det er tatt avgjerd om produksjon.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • For produksjonstilskot til dokumentar for kino må du ha avtale med distributør.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt. Produksjonsføretaket, utøvande produsent eller regissør må ha produsert eller regissert ein film eller serie som er blitt selt/kringkasta av ein nasjonal eller internasjonal tv-kanal, vore i normal kinodistribusjon, eller ha blitt vist i eit selektert program i ein internasjonal filmfestival
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

Forteljetekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med særleg vekt på den kunstnariske kvaliteten. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse i norsk film.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet i norsk film.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Helen Prestgard foto david malmbekk NFI 2

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og Neo

Foto. mann ser inn i kamera.

Bendik Heggen Strønstad

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og kortfilm