Hopp til hovedinnhold

Produksjon av dokumentarserie etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til produksjon av spesielt kunstnarisk utfordrande eller mindre kostbare dokumentarseriar med potensial for nasjonal og internasjonal visning. Ordninga er retta mot norske produsentar av dokumentarseriar.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap. 
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Merk: NFI gir i hovudsak tilskot til utvikling av dokumentarserie, generelt ikkje produksjonstilskot. 
  • For spesielt kunstnarisk utfordrande seriar – eller mindre kostbare seriar som utforskar nye distribusjonsmåtar eller liknande – vil NFI likevel kunne vurdere søknadar om produksjonstilskot.
  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • For å søke må du ha stadfesting (LOC) frå visningsplattform.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt. Produksjonsføretaket, utøvande produsent eller regissør må ha produsert eller regissert ein film eller serie som er blitt selt/kringkasta av ein nasjonal eller internasjonal tv-kanal, vore i normal kinodistribusjon, eller ha blitt vist i eit selektert program i ein internasjonal filmfestival. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Forteljetekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med særleg vekt på den kunstnariske kvaliteten. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her  
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Helen Prestgard foto david malmbekk NFI 2

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og Neo

Foto. mann ser inn i kamera.

Bendik Heggen Strønstad

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og kortfilm