Hopp til hovedinnhold

Produksjon av dramaserie etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til å skape nye dramaseriar innanfor alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga er retta mot produsentar av norske dramaseriar, og skal bidra til å skape seriar av høg kunstnarisk kvalitet og kulturell verdi.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og du må ha inngått ein forpliktande avtale med ei visningsplattform om vesentleg finansiering av prosjektet.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt
  • Søknaden må normalt gjelde ein fiksjonsbasert dramaserie (eit verk), som minimum består av tre episodar med lengde på minimum éin kommersiell halvtime.
  • Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha ein brei marknadsandel i Noreg.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Forteljetekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med særleg vekt på den kunstnariske kvaliteten og prosjektets relevans i si samtid. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her.  

Vi vil prioritere tilskot som bidrar til å løfte seriens kvalitetar utover det dei respektive visningsplattformene bidrar med.

Vi kan prioritere seriar retta mot målgruppa barn og unge, samt originalskrivne seriar og produksjonar med internasjonalt potensial.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet. 

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ølhunden Berit Dato for vedtak 2. mai 2024 Søker MAIPO FILM AS Tildelt  4 500 000,- Regissør: Thomas Seeberg Torjussen, Gjyljeta Berisha Produsent: Synnøve Hørsdal, Christian Fredrik Martin Manus: Thomas Seeberg Torjussen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Requiem for Selina Dato for vedtak 2. mai 2024 Søker ANTI AS Tildelt  1 980 000,- Regissør: Ole Sebastian Kåss, Rikke Gregersen Produsent: Ingunn Rensel Manus: Emmeline Berglund Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
The Huggingtons Dato for vedtak 2. mai 2024 Søker Klipp og Lim Media as Tildelt  4 500 000,- Regissør: Ole Kristian Øye, Lars Hegdal Produsent: Kjersti Greger Manus: Angela Salt Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Tordivelen flyr i skumringen Dato for vedtak 21. nov. 2023 Søker MONSTER AS Tildelt  2 150 000,- Regissør: Atle Knudsen Produsent: Helen Ahlsson, Cathrine Simonsen Manus: Lovisa Milles, Ditta Bongenhielm, Helena Nielsen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Holmlia Love Dato for vedtak 21. nov. 2023 Søker MONSTER AS Tildelt  4 000 000,- Regissør: André Chocron, Mikael Diseth Produsent: Cathrine Simonsen, Mirja Minjares, Malene Sandgrav Manus: Lev David, Mikael Diseth Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
SMUGLEREN Dato for vedtak 21. nov. 2023 Søker TRUE CONTENT SMUGLEREN AS Tildelt  7 000 000,- Regissør: Pål Sletaune Produsent: Renée Mlodyszewski, Ole Søndberg Manus: Pål Sletaune Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Dates In Real Life S1 Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker MAIPO FILM AS Tildelt  2 500 000,- Regissør: Jakob Rørvik Produsent: Synnøve Hørsdal, Petter Onstad Løkke Manus: Jakob Rørvik Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Heajastallan Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker MER Film as Tildelt  4 000 000,- Regissør: Pål Jackman Produsent: Nina B.A. Figenschow, Maria Ekerhovd, Eric Vogel Manus: Jörgen Hjerdt, Åse Kathrin Vuolab, Pauline Wolff Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Kids in Crime 2 Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker EINAR FILM DRAMA AS Tildelt  4 000 000,- Regissør: Kenneth Karlstad Produsent: Guri Neby, Pål Kruke Kristiansen, Teodor Sven Bø, Brede Hovland Manus: Audun Fagervold Hansen, Sofia Lersol Lund, Kenneth Karlstad Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Lykkeland 3 Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker MAIPO FILM AS Tildelt  4 000 000,- Regissør: Petter Næss, Mikkel Brænne Sandemose Produsent: Synnøve Hørsdal, Anne Bergseng Manus: Mette M. Bølstad Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo