Hopp til hovedinnhold

Produksjon av spelefilm etter marknadsvurdering

NFI gir tilskot til å skape spelefilmar innan alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga er retta mot norske spelefilmprodusentar, og skal stimulere til produksjonar med høgt publikumspotensial og høg kvalitet.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot til spelefilm med ordinær kinodistribusjon i Noreg som primær visningsplattform.
  • Du søker om tilskot på høgt eller lågt nivå. 
    • Høgt nivå inneber tilskot på inntil 13.200.000 kroner, og krev eit publikumsestimat på over 250.000 selde billettar i ordinær kinodistribusjon.
    • Lågt nivå inneber tilskot på inntil 8.800.000 kroner, og krev eit publikumsestimat på over 150.000 selde billettar i ordinær kinodistribusjon. 
  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. Les meir HER

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og før det er tatt avgjerd om produksjon.
  • Du må ha minimum 80% stadfesta finansiering.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Produsenten må ha inngått ein forpliktande avtale med ein distributør for kino i Noreg.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg profesjonell erfaring innan sitt fagfelt.

Prioritering og vekting av søknaden

  • Prosjekt blir vekta opp mot kvarandre innanfor kvart av dei to tilskotsnivåa, og konkurrerer ikkje med søknader under det andre tilskotsnivået. Vurderinga blir gjort av eit ekspertpanel satt ned av NFI.
  • Prosjekt som har samanliknbare estimat innanfor 50.000 besøkande vil bli vurdert etter moderat kvotering innan nøkkelfunksjonane produsent, regissør, manusforfattar og hovudroller.
  • I tillegg kan spelefilmkonsulent velje éin av filmane på det låge tilskotsnivået som panelet vurderer kan selje over 150.000 billettar. Dei kunstnariske kvalitetskriteria til NFI blir brukt som eit verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstariske kvalitetskriteria her   

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet i norsk film.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
INGEN KOMMENTAR Dato for vedtak 11. juni 2024 Søker MAIPO FILM AS Tildelt  8 800 000,- Regissør: Petter Næss Produsent: Cornelia Boysen, Synnøve Hørsdal Manus: STÅLE STEIN BERG Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
TNT Dato for vedtak 11. juni 2024 Søker STORM FILMS AS Tildelt  13 200 000,- Regissør: Stefan Faldbakken Produsent: Åshild Ariane Ramborg Manus: Pippa Cleary, Philip LaZebnik Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Bukkene Bruse drar til Syden Dato for vedtak 11. juni 2024 Søker Qvisten Animation as Tildelt  8 800 000,- Regissør: Rune Spaans Produsent: Stian Tveiten Manus: Karsten Fullu Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Ekte kjærlighet Dato for vedtak 11. juni 2024 Søker Fantefilm fiksjon as Tildelt  13 200 000,- Regissør: Petter Næss Produsent: Martin Sundland, Catrin Gundersen, Thea Benedikte Karlsen Manus: Susanne Skogstad Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Tix og den forsvunne barndommen Dato for vedtak 15. des. 2023 Søker 74 Entertainment AS Tildelt  8 000 000,- Regissør: Katarina Launing, Rasmus Sivertsen Produsent: Jørgen Storm Rosenberg, Martina Cecelia Befring Manus: Martina Cecelia Befring Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Natt til niende Dato for vedtak 15. des. 2023 Søker FENOMEN STUDIOS AS Tildelt  8 000 000,- Regissør: Daniel Fahre Produsent: Aurora Huseth Bjørnhaug, Knut Inge Solbu, Tom Marius Kittilsen Manus: Axel Hellstenius, Melike Leblebicioglu Kaveh Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Blücher Dato for vedtak 15. des. 2023 Søker STORM FILMS AS Tildelt  12 000 000,- Regissør: Jens Lien Produsent: Frederick Howard, asle vatn Manus: Christopher Grøndahl Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Julenissens Verksted Dato for vedtak 15. des. 2023 Søker Qvisten Animation as Tildelt  12 000 000,- Regissør: Rasmus A Sivertsen, Mette Rank Tange Produsent: Emilie Bredtved Hansen, Ove Heiborg Manus: Ingrid Haukelidsæter, Karsten Fullu, Mina Juni Stenebråten Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Kraken Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker Nordisk Film Production as Tildelt  8 000 000,- Regissør: Pål Øie Produsent: John Einar Hagen, Helena Vlogart, Annemi Kuusela, Karen Rae Kaltenborn Nothstein, Einar Loftesnes Manus: Vilde Hagen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Viking-jentene Dato for vedtak 9. mai 2023 Søker ZWART ARBEID AS Tildelt  12 000 000,- Regissør: Harald Zwart Produsent: Veslemøy Ruud Zwart Manus: Harald Zwart, Stella Zwart Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Salma Reiermark Karoliussen foto david malmbekk NFI 2

Salma Reiermark Karoliussen

Produksjonsfaglig rådgiver - Spillefilm

Ansatte i NFI Carina Brattvik foto david malmbekk NFI 2

Carina Brattvik

Produksjonsfaglig rådgiver - Spillefilm