Hopp til hovedinnhold

Samproduksjon av dokumentar med utanlandsk hovudprodusent

NFI gir tilskot til samproduksjon av dokumentarfilm og -seriar med norsk minoritetsprodusent og utanlandsk hovudprodusent. Ordninga er retta mot norske dokumentarprodusentar, og skal bidra til profesjonalisering av norsk bransje gjennom auka internasjonalt samarbeid.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap. Dette kravet gjeld også den utanlandske hovudprodusenten.
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Det kan berre søkast om tilskot til produksjon.
  • Du kan søke om tilskot på ein andel av det norske budsjettet for dokumentarfilm og -seriar.

Vilkår for tilskudd

  • Søkar må vere prosjektets minoritetsprodusent.
  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Du må som minoritetsprodusent ha eigardel i det audiovisuelle verket.
  • Prosjektet må vere godkjent som kulturprodukt i opphavslandet eller av NFI. For søkarar med hovudprodusent frå land utan kompetent myndigheit til slik godkjenning, vil tilskotsforvaltar vurdere om prosjektet er eit kulturprodukt. 
  • Produksjonsforetaket, eller utøvande produsent må ha vært produsent eller regissør for ein film eller serie som er blitt selt/kringkasta av nasjonal eller internasjonal tv-kanal, vore i normal kinodistribusjon, eller ha blitt vist i eit selektert program i ein internasjonal filmfestival.  
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Prosjekt under denne ordninga vurderast på bakgrunn av:

  • Nasjonalt tilskot til hovudprodusent.
  • Om prosjektet har opphav i eit land NFI har samproduksjonsavtale med (inkludert den Europeiske samproduksjonskonvensjonen).
  • Om prosjektet stimulerer til profesjonalisering av den norske produsenten og eventuelt bransjen elles, gjennom økt internasjonalt samarbeid og å betre produsentanes internasjonale nettverk.
  • Det norske bidragets kreative, tekniske og økonomiske andel.
  • Konsulentens vurdering.

Regissør/serieskapars og begge produsentanes tidlegare resultat blir vektlagde. 

Gjensidigheit i samarbeidet mellom norsk og utanlandsk produsent, det vil seie at utanlandsk hovudprodusent også har vore/kan vere minoritetsprodusent for norske produksjonar.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse i norsk film.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet i norsk film.  

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Benedikte Danielsen foto david malmbekk NFI 2

Benedikte Danielsen

Produksjonsfaglig rådgiver - Spillefilm, samproduksjon og internasjonal finansiering