Hopp til hovedinnhold

Samproduksjon av dramaseriar med utanlandsk hovudprodusent

NFI gir tilskot til samproduksjon av dramaseriar etter konsulentvurdering. Ordninga er retta mot norske dramaserieprodusentar som ønsker å samprodusere med utanlandske hovudprodusentar. Serien må ha ein vesentleg norsk kreativ andel.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Søker må vere prosjektets minoritetsprodusent.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret. 
  • Søkaren skal dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot til ein dramaserie.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Du må som minoritetsprodusent ha eigardel i det audiovisuelle verket.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg profesjonell erfaring innan sitt fagfelt.
  • Søknaden må normalt gjelde ein fiksjonsbasert dramaserie (eit verk), som minimum består av tre episodar med lengde på minimum éin kommersiell halvtime. Unntak for episodelengd kan gjerast for dramaseriar retta mot barn.
  • Prosjektet må vere godkjent som kulturprodukt i opphavslandet eller av NFI. For søkarar med hovudprodusent frå land utan kompetent myndigheit til slik godkjenning, vil tilskotsforvaltar vurdere om prosjektet er eit kulturprodukt. 
  • Prosjektet skal ha ein vesentleg norsk kreativ andel.
  • Det må vere inngått ein samproduksjonsavtale med hovudprodusent.
  • Minoritetsprodusenten må ha inngått ein forpliktande avtale med ei visningsplattform om ei vesentleg finansiering av det norske budsjettet.
  • Visningsplattforma vil inneha retten til å vise produksjonen i eit avgrensa tidsrom og i eit avgrensa territorium. Produsentane kan ikkje inngå avtale med visningsplattformene i prosjektet som gir visningsplattformene eigarskap i det audiovisuelle verket. 
  • Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha ein brei marknadsandel i Noreg.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

 

Prioritering og vekting av søknaden

Prosjekt under denne ordninga blir vurderte på bakgrunn av:

  • Det norske bidragets kreative, tekniske og økonomiske andel.
  • Forteljarmessige, produksjons- og marknadsmessige forhold, med særleg vekt på den kunstnariske kvaliteten og prosjektets relevans i si samtid. 
  • Prosjektets øvrige finansiering til hovudprodusent.
  • Regissørens/serieskaparens og begge produsentanes tidlegare resultat.
  • Om prosjektet har opphav i eit land NFI har samproduksjonsavtale med (inkludert Den europeiske samproduksjonskonvensjonen) 

Vi vil prioritere tilskot som bidrar til å løfte seriens kvalitetar utover det dei respektive visningsplattformene bidrar med.

Vi kan prioritere seriar retta mot målgruppa barn og unge, samt originalskrivne seriar og produksjonar med internasjonalt potensiale.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo