Hopp til hovedinnhold

Samproduksjon av kortfilm med utanlandsk hovudprodusent

NFI gir tilskot til samproduksjon av kortfilm etter konsulentvurdering. Ordninga er retta mot norske kortfilmprodusentar som ønsker å samprodusere med utanlandske produsentar, og skal bidra til å auke kortfilmars moglegheiter for internasjonal finansiering og potensial i utlandet.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål
  • Søkar må vere prosjektets minoritetsprodusent.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret 

Dette kan du søke om

  • Du kan søke produksjonstilskot fram til ferdigstilt film. (Det blir ikkje prioritert utviklingsstøtte til samproduksjonar)
  • For kortfilm er det mogleg å søke på tilskot på inntil 100% av norsk budsjett.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Prosjektet må vere godkjent som kulturprodukt i opphavslandet eller av NFI (sjå kulturtesten). For søkarar med hovudprodusent frå land utan kompetent myndigheit til slik godkjenning, vil tilskotsforvaltar vurdere om prosjektet er eit kulturprodukt. 
  • Du må som minoritetsprodusent ha eigardel i det audiovisuelle verket.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha erfaring innan sitt fagfelt.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Prosjekt under denne ordninga vurderast på bakgrunn av:

  • Filmar som har nasjonalt tilskot frå hovudprodusent
  • Om prosjektet har opphav i land NFI har samproduksjonsavtale med (inkludert Den europeiske samproduksjonskonvensjonen).
  • Det norske bidragets kreative, tekniske og økonomiske andel
  • Regissørens/serieskaparens og begge produsentanes tidlegare resultat 
  • Vi vurderer prosjektet ut frå forteljarmessige og produksjonsmessige forhold, med spesiell vekt på den kunstnariske kvaliteten. Les meir om dei kunstnariske kvalitetskriteria her 
  • I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Foto. mann ser inn i kamera.

Bendik Heggen Strønstad

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og kortfilm