NFI gir tilskot til manusutvikling (idéutvikling) av dokumentarprosjekt. Ordninga er retta mot regissørar og manusforfattarar, og skal sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerande dokumentarar med solid forankring i skaparleddet.
«Relevant utdanning på bachelornivå eller høgare» betyr til dømes filmskole med fagleg fordjuping i diktarisk/skapande virke, normalt manus eller regi. Andre utdanningar med tyngdepunkt i skapande verksemd innan dramatisk/audiovisuell fortelling kan også kvalifisere.
«Relevant yrkeserfaring» betyr til dømes at søker har skrive eller regissert ein film i langt format eller serie/episode som har vore i profesjonell distribusjon, som har blitt seld/kringkasta av ein nasjonal eller internasjonal TV-kanal/plattform, vore i vanleg kinodistribusjon eller blitt vist i eit selektert program i ein internasjonal festival. Scenedramatikk i profesjonell framføring og i tilsvarande omfang (heilaftans verk) kan òg bli vurdert som kvalifiserande.
Du kan til dømes søke tilskot til:
Vi gir ikkje tilskot for opptak av nytt materiale gjennom denne ordninga.
Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:
Tilskotsordninga skal stimulere til utvikling av idear eller manuskript til audiovisuelle verk av høg kunstnarisk og profesjonell kvalitet. Ordninga skal bidra til kontinuitet og profesjonalitet i utviklingsarbeidet, og sikre et breitt og mangfaldig repertoargrunnlag for alle målgrupper.
Ordninga skal legge til rette for grundig og fagleg arbeid og fordjuping i tidleg utvikling av dokumentarprosjekt.
Det gis tilskot med et fast beløp på 100.000 kroner eller 150.000 kroner - etter NFI si vurdering av arbeidets omfang.
Det gis tilskot i éin fase.
Levert materiale vil normalt bestå av ei eigenevaluering av utviklingsarbeidet, treatment, kort resyme av handlinga, beskriving av karakterar og eventuelt også testmateriale. Leveringa skal synleggjere potensialet i å utvikle prosjektet videre.
Du finn alle detaljerte krav til søknaden i søknadsportalen
Dokumentarfilmkonsulent og rådgivar vurderer søknadene.
Sjå her for ei beskriving av korleis vi saksbehandlar i NFI.
Dato for vedtak | Prosjekttittel | Ordning | Søker | Tildelt | Utvid for flere detaljer |
---|---|---|---|---|---|
Ingen resultater |