Hopp til hovedinnhold

Idéfordjuping

NFI gir tilskot til idéfordjuping. Ordninga retter seg mot etablerte regissørar og serieskaparar som har hatt ein film eller serie i profesjonell distribusjon. Tilskotet skal legge til rette for fordjuping og modning av nye idear og forteljingar i kjølvatnet av større prosjekt som har hatt premiere.

Kven kan søke

  • Regissørar, konseptuerande regissørar og serieskaparar.
  • Du må ha registrert enkeltpersonsføretak i det norske Einingsregisteret.
  • Søker må ha hatt regi på ein spelefilm/lang dokumentarfilm i profesjonell distribusjon dei siste tre åra. Alternativt ha skapt ein dramaserie/dokumentarserie som har vært vist første gang på tv i løpet av dei siste tre åra.

Dette kan du søke om

Det vil typisk bli gitt tilskot til:

  • Utvikling av ideens grunnpilarar; historia, forteljinga, karakterane, setting og tematikk.
  • Synleggjering av det dramatiske, cinematiske og tematiske ambisjonsnivået for forteljinga.
  • Utarbeiding av visuelt konsept og/eller andre arbeide som er relevante for konkretisering og presentasjon av prosjektet.

Levert materiale vil normalt bestå av eit utfyllande handlingsresyme/prosjektbeskriving, konseptnotat og ein utviklingsrapport. Rapporten skal synleggjere potensialet i å utvikle prosjektet videre som filmforteljing.

Prosjekt som får tilskot til idéutvikling kan ikkje søke tilskot til manusutvikling fase 1, men om arbeidet blir vekta mot tekstleg utforsking og dramatisering av ideen, kan prosjektet kvalifisere for tilskot til manusutvikling fase 2.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Prosjektets kunstnariske utfordringar og forteljarmessige potensial.
  • Søkarens talent og erfaring.
  • Søkarens beskriving av ambisjonane for arbeidet.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet i norsk film

Vi kan prioritere søkarar som ikkje har mottatt tilskot til Idéutvikling fiksjon, eller til Idéfordjuping eller VIP-stipend tidlegare.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
UNDERMENNESKERNES KJÆRLIGHETSLIV (Eallid rahkkisvuohta) Dato for vedtak 25. apr. 2024 Søker SAFI1 PAUL ANDERS SIMMA Tildelt  250 000,- Regissør: Paul-Anders Simma Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Jeg er apokalypsen Dato for vedtak 25. apr. 2024 Søker Jakob Rørvik Tildelt  250 000,- Regissør: Jakob Rørvik Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
En Porsjon Vantro Dato for vedtak 25. apr. 2024 Søker ANDREA ECKERBOM Tildelt  250 000,- Regissør: Andrea Eckerbom Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
In My Mother's Heart Dato for vedtak 25. apr. 2024 Søker AL-AZZAWI FILM Tildelt  250 000,- Regissør: Karrar Al-Azzawi Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
The Upgrade Dato for vedtak 1. nov. 2023 Søker TONJE HESSEN SCHEI Tildelt  250 000,- Regissør: Tonje Hessen Schei Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
BITCH SLAP Dato for vedtak 1. nov. 2023 Søker Tove Undheim Tildelt  250 000,- Regissør: Tove Undheim Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
PERFEKT Dato for vedtak 1. nov. 2023 Søker MARIE K JULIE MARIE KLEIVDAL KRISTIANSEN Tildelt  250 000,- Regissør: JULIE MARIE KLEIVDAL KRISTIANSEN Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Pars Pro Toto Dato for vedtak 1. nov. 2023 Søker Devold film Tildelt  250 000,- Regissør: Leiv Igor Devold Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Kritikern Dato for vedtak 27. apr. 2023 Søker LAUNINGS REGIMASKIN Tildelt  250 000,- Regissør: KATARINA HELENA LAUNING, KATARINA HELENA LAUNING Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Kampen om Taiwan Dato for vedtak 27. apr. 2023 Søker HAMMERTIME ANDERS SØMME HAMMER Tildelt  250 000,- Regissør: Anders Sømme Hammer Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning