Hopp til hovedinnhold

Manusutvikling fiksjon

NFI gir tilskot til manusutvikling av fiksjonshistorier for spelefilm og dramaseriar. Ordninga rettar seg mot profesjonelle manusforfattarar og skrivande regissørar. Målet med tilskotsordninga er å sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerandre historier med solid forankring i skaparleddet.

Kven kan søke

  • Profesjonelle manusforfattarar, serieskaparar og skrivande regissørar.
  • Du må ha registrert enkeltpersonføretak i Einingsregisteret i Brønnøysund.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til utvikling i to fasar: Fase 1 – Idé og Fase 2 – Manuskript.
  • Det blir normalt ikkje gitt tilskot til prosjekter som har vore i utvikling i andre ordningar hos NFI. Det kan bli gjort unntak for prosjekter frå Idéutvikling fiksjon (tidlegare VIP-stipend). Disse kvalifiserer til å søke Fase 2 – Manuskript, men ikkje Fase 1 – Idé.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Du kan berre ha eitt prosjekt i ordninga om gongen. 
  • Du må ha fått tilskot til Fase 1 for å kunne søke om tilskot til Fase 2.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Forteljartekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med spesiell vekt på den kunstnariske kvaliteten. NFIs kunstnariske kvalitetskriterium blir brukt som verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstnariske kvalitetskriteria her 

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera.

Nedin Mutic

Inkludering- og talentrådgiver