Hopp til hovedinnhold

Neo idéutvikling

NFI gir tilskot til utvikling av spelefilm, serie dokumentar, dokumentarserie eller eit lengre hybrid prosjekt gjennom talentordninga Neo. Neo idéutvikling er retta mot debuterande regissørar/serieskaparar/manusforfattarar innan lengre format.

Kven kan søke

  • Unntaksvis kan det vere din andre film/serie, dersom du i din debut ikkje har fått vist ditt kunstnariske potensial.
  • Du må ha registrert enkeltpersonsføretak i det norske Einingsregisteret. 

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om å utvikle idéen din i form av skriftleg materiale og/eller visuelt materiale/pilot for å gjere synleg idéen/prosjektets potensial både cinematisk og dramaturgisk.
  • Det gis tilskot i éin fase.
  • Det gis ikkje tilskot til prosjekt som er i utvikling i andre ordningar hos NFI.

Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan inkluderast i utviklingsbudsjettet.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi vurderer prosjektet ut frå kunstnariske kvalitetar og ambisjonar, samt regissørens/manusforfattarens talent og erfaring. NFIs kriterium for kunstnarisk kvalitet kvalitetskriterier blir brukt som eit verktøy i utveljinga. Les meir om kriteria for kunstarisk kvalitet her. 

  • Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald
  • Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse
  • Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format og prosjekt som ikkje har fått tilskot frå NFI tidlegare.
  • Vi kan prioritere nye idéar og prosjekt som har eit tydeleg lågbudsjettpotensial.

Meir om ordninga

 

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne ser inn i kamera

Jannicke Stendal Hansen

Talentkoordinator