Hopp til hovedinnhold

Neo utvikling

NFI gir tilskot til utvikling av spelefilm, serie eller dokumentar gjennom talentordninga Neo. Ordninga er retta mot debuterande regissørar/serieskaparar innan lengre format, der produsenten søker. Tilskotsordninga er ei lågbudsjettsordning for manifesterte talent innan fiksjon, dokumentar og hybrid.

Kven kan søke 

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om 

Du kan søke om utviklingstilskot til eit eigendefinert utviklingsprosjekt i langt format for å synleggjere og styrke innhaldet og prosjektets potensiale.

Målet er å utvikle prosjekt innan desse områda, med hovudvekt på det første:

  • Det filmatiske innhaldet (manus, treatment, research) og visuelt konsept (storyboard, teaser, pilot, visuelt utdrag av prosjektet, utarbeideing av reginotat, visuelt/foto konsept, workshops/prøvefilming med cast mm.)
  • Produksjonell konseptualisering (casting, location scouting, utvikling av lågbudsjettramme, finne stab)
  • Publikumsinnsikt og posisjonering av prosjektet i marknaden
  • Finansiering
  • Umisteleg opptak

Det gis ikkje tilskot til prosjekt som er i utvikling i andre ordningar i NFI.

Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan inkluderast med i utviklingsbudsjettet.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før opptaksstart og før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Produsenten og nøkkelmedarbeidarar må ha 3-årig utdanning på bachelornivå i faget eller relevant og dokumenterbar filmfagleg erfaring innanfor sitt fagfelt.
  • Produksjonsselskap og/eller produsent må ha gjennomført og distribuert minimum éin produksjon med tilskot frå NFI, regionale filmsenter eller fond. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Kunstnariske kvalitetar, visjonar og ambisjonar i prosjektet. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga.  
  • Regissørens talent og erfaring,
  • Produsentens gjennomføringsevne i langt format

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald.

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til kunstnarisk vågemot, variasjon og kvalitet i filmtilbodet.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Dåpen Dato for vedtak 28. juni 2024 Søker Nordisk Film Production as Tildelt  390 000,- Regissør: Iain Forbes Produsent: Thomas Robsahm, Tøri Gjendal Manus: Thomas Meldgaard, Iain Forbes Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
ANATEMA Dato for vedtak 27. juni 2024 Søker THE GLOBAL ENSEMBLE DRAMA AS Tildelt  350 000,- Regissør: Alpha Nord, Ea Johanne Sandberg Produsent: Janne Hjeltnes, Anne Borggaard Sørensen, Ingrid Skagestad Manus: Alpha Nord, Ea Johanne Sandberg Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Kvinne på mark Dato for vedtak 27. juni 2024 Søker Motlys as Tildelt  380 000,- Regissør: Kerren Lumer-Klabbers Produsent: Ingvil Sæther Berger Manus: Emil Wahl Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Krigerhjerte Dato for vedtak 27. juni 2024 Søker Freedom From Fear as Tildelt  150 000,- Regissør: Marianne Ulrichsen Produsent: Mona J. Hoel Manus: Marianne Ulrichsen Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Benedikte og Theo Dato for vedtak 6. juni 2024 Søker PARADOX RETTIGHETER AS Tildelt  400 000,- Regissør: Aslak Danbolt Produsent: Finn Gjerdrum, Thea Røhr Østvold Manus: Aslak Danbolt Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Lille Kriger Dato for vedtak 30. mai 2024 Søker WEMAKE FILM AS Tildelt  100 000,- Regissør: Nicholas Osborne Produsent: John Einar Hagen, Samuel Kirby Manus: Nicholas Osborne, Nick Hegreberg Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Narkotwitter Dato for vedtak 29. mai 2024 Søker CHIMERA AS Tildelt  400 000,- Regissør: Magnus Bøhn Produsent: Sofia Haugan Manus: Magnus T Bøhn Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
SØSKENBLIKK Dato for vedtak 16. mai 2024 Søker WESTORY AS Tildelt  400 000,- Regissør: Solveig Årdal Produsent: Marie Helene Høyberg, André Folkestad Manus: Solveig Årdal Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Blót Dato for vedtak 10. mai 2024 Søker MAIPO FILM AS Tildelt  95 000,- Regissør: Stian Hafstad Produsent: Cornelia Boysen, Petter Onstad Løkke Manus: Jørgen Færøy Flasnes, Stian Hafstad Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
TOG Dato for vedtak 29. apr. 2024 Søker KOKO FILM AS Tildelt  150 000,- Regissør: Jenny Andersen Produsent: Åsne Ø. Høgetveit, Trude Ottersen Manus: Lina Killingdal Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo

Ansatte i NFI Helen Prestgard foto david malmbekk NFI 2

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og Neo