Hopp til hovedinnhold

Prøveordning: Publikumsinnsikt for prosjekt i utvikling

NFI har etablert ei prøveordning for tilskot til bruk av publikumsinnsikt i utviklingsarbeid. Ordninga er open for prosjekt som har fått tilskot av NFI til utvikling av spelefilm, dokumentar i langformat eller dataspel, samt prosjekt som har fått tilskot gjennom Neo utvikling. Prøveordninga skal gi norske produsentar moglegheit til å innhente publikumsinnsikt i utviklingsfasen av prosjekta.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit annet EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Føretaket kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret. 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.
  • Nøkkelmedarbeidarane i prosjektet skal samla ha tilstrekkeleg profesjonell erfaring til å gjennomføre prosjektet. I vurderinga skal det leggast vekt på storleiken, kompleksiteten og budsjettet til prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

Med den nye prøveordninga vil NFI bidra til at produsentar kan bruke resultat frå innsiktsarbeid i det heilskaplege utviklingsarbeidet parallelt med den kreative utviklinga av ein spelefilm, dokumentar i langformat, dramaserie eller eit spel. Ordninga skal sikre at produsentar får tilgang på kvalitativ informasjon om publikumssegment og posisjonering i god tid før lanseringsstrategien blir lagd. Slik kan publikumsinnsikt bli brukt i alle fasar av utvikling, produksjon og frem mot lansering, og bidra til å auke prosjektets relevans og treffsikkerheit i målgruppa. Tiltaket skal også gi eit grunnlag for å utarbeide ei tydeleg posisjonering av prosjektet, og sikre mest mogleg treffsikker kommunikasjons- og lanseringsstrategi.

Eksempel på problemstillingar innsiktsarbeidet kan gje svar på:

  • Identifisere korleis publikum reagerer på historie, karakterar og tematikkar i prosjektet.
  • Gje grunnlag for prioritering av retning i historia basert på publikums interesse.
  • Identifisere korleis publikum responderer på visuell stil og tone.
  • Gje innblikk i kva språk som blir brukt når målgruppa snakkar om prosjektet, tematikk, karakterar m.m.
  • Teste underhaldningsverdi og/eller oppfatning av relevans hos publikum.

Vilkår for tilskot 

Prosjektet det blir søkt med må vere i utvikling hos NFI. For å kvalifisere må prosjektet ha mottatt utviklingstilskot via ein av følgande ordningar i NFI:

  • Utvikling av dokumentarfilm etter konsulentvurdering
  • Utvikling av spel etter kunstnarisk vurdering
  • Utvikling av spelefilm etter konsulentvurdering
  • Utvikling av dokumentarfilm med mangfaldsperspektiv
  • Neo utvikling (spelefilm, dokumentar i langformat og dramaseriar)

Søker skal oppfylle krava i samsvar med forskrift om tilskot til audiovisuell produksjon eller forskrift om tilskot til utvikling, lansering og formidling av dataspel.

Du må sende inn søknad før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.

Tilskotsmottakar skal rapportere på resultata av innsiktsarbeidet.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene. Vi legg særleg vekt på:

• Gjennomførbarheit av tiltaket, sett opp mot problemstilling og metodeval• Tydeleg identifiserte behov og problemstillingar som kan bli belyst gjennom arbeid med publikumsinnsikt• Prosjektets moglegheiter for å dra nytte av publikumsinnsiktsarbeidet gjennom utvikling og posisjonering av prosjektet• Metodeval

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Isabell Langvatn foto david malmbekk NFI 2

Isabell Langvatn

Publikumsrådgiver