Hopp til hovedinnhold

Rammetilskot

NFI gir rammetilskot til norske produksjonsselskap basert på samla resultat og enkeltståande resultat for fiksjon og dokumentar. Gode kunstnariske, publikumsmessige og økonomiske resultat blir premierte. Rammetilskotet utgjer ein pott tilskotsmidlar som framtidige søknader til visse av NFIs tilskotsordningar hentar midlar frå, så langt rammetilskotet rekk. Rammetilskotet skal disponerast til utvikling innanfor NFIs utviklingsordningar for alle format, med unntak av ordningar av typen stipend, idéutvikling, spel og Neo. Rammetilskot blir gitt basert på føretaket sitt samla resultat dei siste fem åra, og enkeltståande resultat oppnådd det siste året.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Etter tildeling vil tilskot frå ramma utløysast gjennom søknader om prosjekttilskot. Desse søknadene må oppfylle vilkåra for tilskot i forskrifta kapittel 3. Det inneber mellom anna at søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for prosjektets rekneskap. Se også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om rammetilskot til utvikling av framtidige prosjekt, basert på selskapets samla resultat eller basert på enkeltståande resultat.
  • Søknadsskjemaet har tre moduler, og du kan velje kor mange av modulane du søker i:
    • Samla resultat for spelefilm og dramaseriar
    • Samla resultat for dokumentar
    • Enkeltståande resultat innan alle format og sjangrar
  • Resultatet oppnådd i kvar av desse modulane blir lagt saman som tilskotsmidlar i eit rammetilskotsbrev.  
  • Tilskotsmidlane utgjer ein pott som alle framtidige søknader i alle NFIs utviklingsordningar skal hente midlar frå, så langt rammetilskotet rekk.
  • Du kan ikkje hente midlar frå rammetilskotet til utvikling av spill, idéutvikling, idéfordjuping og Neo.

Les meir om kva regler som gjeld for bruken av rammetilskotet under Meir om ordninga lenger ned på sida.

Vilkår for tilskot

  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Du søker om rammetilskot basert på selskapets samla resultat eller for enkeltresultat.
  • Søker du basert på samla resultat, skal resultata vere oppnådd dei siste fem åra for produksjonar med premiereår 2019 eller seinare.
  • Søker du for enkeltresultat skal resultatet vere oppnådd mellom 01.11.2023 og søknadsfrist. Enkeltresultat deklarert eitt år kan ikkje utløyse poeng/tilskot i seinare års rammetilskotssøknader.
  • Alle resultat må vere dokumenterbare.
  • For at eit prosjekt skal telle med i resultat som utløyser tilskotsmidlar må selskapet vere norskeigd, og hovudprodusent for det aktuelle prosjektet.
  • Dersom eit produksjonsforetak har fleire underliggande føretak/dotterselskap, eller har organisert produksjonen i spesielt oppretta føretak for enkeltproduksjonar, kan resultata frå desse bli inkludert i føretakets samla resultat og som føretakets enkeltresultat. Føresetnaden er at det er openbert at dei underliggjande eller assosierte føretaka framstår som eitt produksjonsføretak.
  • Kortfilmprodusentar som har oppnådd resultat som enkeltpersonføretak og før søknadsfristen har oppretta aksjeselskap, kan søkje med enkeltresultat oppnådd før føretaket vart omgjort til aksjeselskap. Føresetnaden er at selskapet utad framstår som det same som det tidlegare føretaket. 
  • Du kan søke rammetilskot på nyaste utlysing sjølv om du har gjenverande midlar frå tidlegare rammetilskot. 

Prioritering og vekting av søknaden

  • Søknadene blir prioriterte basert på total poengsum for oppnådde resultat. Poenga blir rekna ut ved at poengsummen i kvar kategori blir summert til ein total for føretaket innanfor kvar søknadsmodul.
    • Soliditet (0-20 poeng)
    • Kunstnariske konkrete resultat for filmar med premiere frå og med 2018 (maks 30 poeng)
    • Økonomiske konkrete resultat for filmar med premiere frå og med 2018 (maks 30 poeng)
    • Kvinner i nøkkelroller (regissør, manusforfattar, produsent og hovudrolleinnehavar/hovudkarakter) (maks 20 poeng)
  • Kvinneandelen blir rekna ut for den enkelte modul. For fiksjonsmodulen blir kvinneandelen rekna ut på bakgrunn av all langfiksjonsproduksjon siste tre produksjonsår, samt hittil i 2023. For dokumentarmodulen blir kvinneandelen rekna ut på bakgrunn av all dokumentarproduksjon dei siste tre produksjonsåra, samt hittil i år.
  • I modulen for enkeltståande resultat finst det ei mengd konkrete oppnåelege mål for film og seriar innanfor festivalar, prisar, økonomiske resultat, produksjonsmessige resultat og publikumsrelaterte resultat.
  • Prosjekt som kvalifiserer til poeng for enkeltresultat må enten vere i produksjon, eller ha hatt premiere ikkje tidlegare enn to år før søknadsfristen. Alle poenggivande resultat må vere oppnådd mellom 1.11.2022 og 7.11.2023. Det kan vere mange oppnådde resultat per film/serie. Der resultatet ikkje er allment kjent skal det leggast ved dokumentasjon.
  • Fleire stader i søknadsskjema kan ein oppgi prosjekt som er i produksjon. Med å vere «i produksjon» meinast prosjekt som tilfredsstiller krava NFI normalt stiller for utbetaling av første rate på produksjonstilskot.

Meir om ordninga

 

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Helen Prestgard foto david malmbekk NFI 2

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og Neo