Hopp til hovedinnhold

Utvikling av spel etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til utvikling av norske dataspel. Ordninga er retta mot spelprodusentar, og skal fremme spel som kulturuttrykk og stimulere til eit breitt og variert tilbod av norske spel. 

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit produksjonsføretak som er etablert i Noreg eller anna EØS-land som har audiovisuell produksjon som sitt hovudformål.
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Se også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om 

  • Du kan søke om utviklingstilskot til alle delar av utviklingsløpet, frå tidleg utvikling til ferdigstilling av spillet.
  • Du kan søke i fleire utviklingsfasar. 
  • Du kan også søke om tilskot til samproduksjon med utanlandsk hovudprodusent. 

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Nøkkelmedarbeidarane i prosjektet skal samla ha tilstrekkeleg profesjonell erfaring til å gjennomføre prosjektet. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Prosjektets kunstariske kvalitetar og marknadspotensial. Dei samme kriteria for kunstnarisk kvalitet som på filmfeltet blir benytta. NFIs kunstnariske kvalitetskriterium blir brukt som verktøy i utveljinga. Les meir om desse her.  
  • Søkarens profesjonalitet og evne til gjennomføring
  • At tilskotsmidlane som heilskap skal bidra til:
    • spel på norsk eller samisk til barn og unge
    • kjønnsbalanse, mangfald og representativitet i produksjons-, innhalds- og publikumsleddet 
    • prioriterte satsingsområde eller omsyn fastsett av departementet eller tilskotsforvaltar
    • prosjekt som kan bidra til utvikling av talentfulle fagarbeidarar i dataspelbransjen

Vi kan prioritere søknader som bidrar til å betre kjønnsbalansen i norsk dataspelbransje og i norske dataspel.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet. 

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Magnus Tellefsen foto david malmbekk NFI 4

Magnus Tellefsen

Dataspillrådgiver