Hopp til hovedinnhold

Utvikling av dramaserier etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til å utvikle dramaseriar innan alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga er retta mot produsentar av norske dramaseriar, og skal bidra til å gje eit stort publikum tilgang til norske dramaseriar av høg kunstnarisk kvalitet som underhaldar, set dagsorden og utfordrar.

Kven kan søke

  • Uavhengige produksjonsselskap i Noreg eller innan EØS som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Føretaket kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Se også vilkår for tilskot

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om utviklingstilskot til å utvikle et prosjekt fram til det kan tas avgjerd om produksjon.
  • Du kan søke om fleire utviklingsfasar.
  • NB: Søknader om tilskot til utvikling i denne ordninga er først og fremst retta mot dei prosjekta som ikkje fell inn under NFIs primære tilskotsordning for utvikling av dramaseriar, ordninga om utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering. 

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søker tilskot til. Du må ha inngått ein forpliktande utviklingsavtale med ein visningsplattform om vesentleg finansiering av fasen det blir søkt om. 
  • Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg og ha ein brei marknadsandel i Noreg.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på: 

  • Forteljartekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med spesiell vekt på den kunstnariske kvaliteten og prosjektets relevans i si samtid. NFIs kunstnariske kvalitetskriterium blir brukt som verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstnariske kvalitetskriteria her.
  • Vi kan prioritere seriar retta mot målgruppa barn og unge, samt originalskrivne seriar og produksjonar med internasjonalt potensiale.
  • Vi vil prioritere tilskot som bidrar til å løfte seriens kvalitetar utover det dei respektive visningsplattformene bidrar med.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til å betre kjønnsbalansen i norsk film.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo