Hopp til hovedinnhold

Utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering

NFI gir tilskot til utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering. Ordninga er retta mot produsentar av norske dramaseriar som har ein bindande avtale om finansiering med ei dokumenterbar visningsplattform i Noreg. Målet er å utvikle norske seriar av høg kvalitet, som kan konkurrere med internasjonale seriar.

Kven kan søke

  • Uavhengige produksjonsselskap i Noreg eller innan EØS som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Føretaket kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige samband til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap.
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for prosjektets rekneskap. Se også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om utviklingstilskot til å utvikle et prosjekt fram til det kan tas avgjerd om produksjon.
  • Du kan søke om fleire utviklingsfasar.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søker tilskot til, og utviklingsarbeidet kan ikkje vere avslutta før søknaden er estimert ferdig behandla. 
  • Søknaden må gjelde ein dramaserie som består av minimum tre episodar med lengde på minimum éin kommersiell halvtime per episode. Unntak for episodelengde kan gjerast for dramaseriar retta mot barn.
  • For å søke denne ordninga må dramaserien ha ein klassisk dramastruktur der fiksjonsbasert handling eller tema følger kvarandre i ei episodisk inndeling, og har ei felles og samlande overbygning. Dramaseriar som avvik frå krava om finansiering, lengde og forteljarstruktur må søkje konsulentvurdert utvikling. 
  • Gjeldande utviklingsfase må vere stadfesta og dokumentert fullfinansiert ved innsending av søknad
  • Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg og ha ein brei marknadsandel i Noreg. 
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt. Produksjonsføretaket, utøvande produsent eller serieskapar/regissør/manusforfattar må i løpet av dei siste fem åra ha vore produsent eller serieskapar/regissør/manusforfattar for ein serie selt/kringkasta av ei nasjonal eller internasjonal visningsplattform. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.  

Prioritering og vekting av søknaden

For dei søknadene som oppfyller krava til ordninga er det løpande behandling utan prioritering til den årlege ramma er brukt opp.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ti timer Dato for vedtak 31. aug. 2023 Søker Monday Scripted AS Tildelt  132 500,- Regissør: Ole Endresen Produsent: Anders Toft Andersen Manus: Ole Endresen, Cathinka Nicolaysen Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Fjellberghavn Dato for vedtak 28. aug. 2023 Søker Nordisk Film Production as Tildelt  200 000,- Produsent: Sigurd Mikal Karoliussen Manus: Kristoffer Metcalfe Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
VOSS Dato for vedtak 28. aug. 2023 Søker TRUEWEST AS Tildelt  300 000,- Regissør: Kjersti Steinsbø Produsent: Njål Lambrechts Manus: Kjersti Steinsbø, Harald Rømma, Andreas Søfteland Milde Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Bryterne fra Odessa Dato for vedtak 10. aug. 2023 Søker MONSTER AS Tildelt  300 000,- Produsent: Cathrine Simonsen, Paal Wilhelm Nesset Manus: Joachim Førsund Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Psykodrama Dato for vedtak 9. aug. 2023 Søker EINAR FILM DRAMA AS Tildelt  400 000,- Regissør: Arild Fröhlich Produsent: Pål Kruke Kristiansen, Julia Joner Manus: Per kjerstad, Birgitte Rustad Wegener, Ole Christian Ertvaag Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
HEKT Dato for vedtak 27. juni 2023 Søker ELDORADO CONTENT CLUB AS Tildelt  400 000,- Regissør: Siri Seljeseth Produsent: Bård Ljones Fjulsrud, Ida Håndlykken Kvernstrøm Manus: Siri Seljeseth, Marlene Stavrum Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Hjernen er alene (arbeidstittel) Dato for vedtak 26. juni 2023 Søker Nordisk Film Production as Tildelt  300 000,- Regissør: Mathis Fürst Produsent: Vibeke Ringen, Sveinung Golimo Manus: Tina Rygh Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Oro Jaska Dato for vedtak 12. juni 2023 Søker AlfredFilm as Tildelt  100 000,- Produsent: Lasse Hallberg, Hallvard Berby, Silje Burgin-Borch Manus: Vegard Bjørsmo, Silje Burgin-Borch Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Requiem for Selina Dato for vedtak 31. mai 2023 Søker ANTI AS Tildelt  300 000,- Produsent: Ingunn Rensel Manus: Emmeline Berglund, Benjamin Berglund Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering
Vikinger vs. Nazister Dato for vedtak 5. mai 2023 Søker KRINGLE FILM AS Tildelt  300 000,- Regissør: Even Husby Grødahl Produsent: Brede Hovland, Elias Brekke Solberg Manus: Even Husby Grødahl, Jesper Breen Frilseth Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Utvikling av dramaserier etter markedsvurdering

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsfaglig rådgiver - Dramaserier og Neo