Hopp til hovedinnhold

Utvikling av kortfilm etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til utvikling av kortfilm etter kunstnarisk vurdering. Ordninga er retta mot produsentar av norsk kortfilm, og skal bidra til å utvikle originale kortfilmar og utvikling av talentfulle regissørar, manuskriptforfattarar og produsentar.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap
  • Føretaket må vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret 
  • Søkaren kan bli vurdert med annan organisasjonsform eller utan nøkkelmedarbeidarar med betydeleg profesjonell erfaring. I vurderinga skal det leggjast vekt på prosjektets storleik, kompleksitet og budsjett.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om utviklingstilskot fram til produksjonsavgjerd.
  • Det gis ikkje tilskot til manusutvikling av kortfilm.
  • Utvikling kortfilm er primært retta mot animasjonsfilmar, prosjekt med ein spesiell eller annleis arbeidsmetode og virtual eller artificial reality (VR/AR)-filmar.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til og før det er tatt produksjonsavgjerd. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Forteljartekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med spesiell vekt på den kunstnariske kvaliteten. NFIs kunstnariske kvalitetskriterium blir brukt som verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstnariske kvalitetskriteria her 
  • Regissørens kunstnariske resultat vil bli særleg vektlagt i prioriteringa.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

 

Meir om ordninga

 

Kontaktpersoner

Foto. mann ser inn i kamera.

Bendik Heggen Strønstad

Produksjonsrådgiver - Dokumentar og kortfilm